E16 på Voss delvis stengt etter at vogntog velta

Redningsmannskaper jobber på stedet etter at et vogntog veltet ved Saue camping.

Redningsmannskaper jobber på stedet etter at et vogntog veltet ved Saue camping. Foto:

Det vil ta tid før vegbana er rydda.

DEL

(BA) Klokka 0752 fekk politiet melding om at eit vogntog hadde velta like ved Saue camping på E16 nord for Voss.

– Ein trailer har køyrt ut av vegen og treft eit busskur før det velta. Det var ingen personar på busstoppet då ulykka skjedde, så vogntogsjåføren var den einaste involverte i hendinga. Han er køyrt til Voss sjukehus, seier operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Dag Olav Sætre, til BA.

Sjåføren var bevisst, men blødde litt, då han blei frakta til sjukehuset.

Vogntoget hadde trelast om bord, og dette velta ut over vegbana.

Fram til klokka 0900 var vegen heilt stengt, men det er no manuell trafikkdirigering på staden.

– Det vil ta litt tid å få rydda vegen. Det har blitt lange køar i begge retningar som følge av ulykka, seier Sætre.

Omstenda rundt ulykka er så langt ikkje kjent.

– Føraren vil bli avhøyrt på sjukehuset når han er i stand til det, seier Sætre.

Det norskregistrerte vogntoget var på veg i retning Voss då ulykka skjedde.

Artikkeltags