Biblioteket 24/7

Måndag kl.14:00-15:00
Meland bibliotek
Frekhaug, MelandOpne kart
kart
Biblioteket er noko meir enn berre dei fysiske samlingane av bøker, lydbøker og filmar. Biblioteket har også fleire elektroniske tenester som du har tilgang til frå godstolen din. Biblioteket fekk nye nettsider i starten av desember i fjor og bibliotekar Laila Rene vil vise korleis ein kan søke etter bøker og korleis ein kan fornye og bestille bøker sjølv. I tillegg vil ein vise korleis du kan lese elektroniske aviser og bøker og korleis du kan strømme filmar ved hjelp av lånekortet ditt. Viss du har med deg ditt eige nettbrett eller smarttelefon, så kan me vise deg korleis du får det inn på din «dings». Det vil også verte gjeve informasjon om korleis du kjem deg inn på biblioteket utan at personalet er til stades.
  • Adresse: Kvernhushaugane 12. 5914 Isdalstø
  • Ansvarlig redaktør: Trond Roger Nydal
  • Personvernpolicy / Informasjonskapsler
  • Redaktørplakaten
  • PFU
  • nordhordland.no vert lagra regelmessig av Nasjonalbiblioteket. Nettsida vil bli gjort tilgjengeleg som kildemateriale for forsking og dokumentasjon
  • Tipstelefon: 916 20 916
  • Sentralbord: 56 35 55 55
  • Avisa Nordhordland © 2019