Kjemimoro på biblioteket

Tysdag kl.16:30-17:30
Lindås bibliotek
Isdalstø, LindåsOpne kart
kart
Hanna Wiig Eriksen og Simon Husebø er elevar på Knarvik vidaregåande. Dei inviterer til kjekke kjemieksperiment – som vi kan lære noko av. Tysdag 22. januar Har du lyst til å lære litt om kjemiske reaksjonar? Vi finn på morosame eksperiment som syner noko av det rare som skjer når vi blandar ulike stoff. Tysdag 19. februar: Kjemi er ein viktig del av kvardagen vår. Tema for eksperimenta våre denne dagen vil vere vatn og andre typar væsker. Kom og bli med – og bli overraska! Tysdag 19. mars: Denne gongen tek vi opp att dei mest populære eksperimenta. Men har sjølvsagt òg med noko du ikkje har sett før. Håper mange vil komme! For alle born mellom 7 og 12 år! Gratis inngang.
  • Adresse: Kvernhushaugane 12. 5914 Isdalstø
  • Ansvarlig redaktør: Trond Roger Nydal
  • Personvernpolicy / Informasjonskapsler
  • Redaktørplakaten
  • PFU
  • nordhordland.no vert lagra regelmessig av Nasjonalbiblioteket. Nettsida vil bli gjort tilgjengeleg som kildemateriale for forsking og dokumentasjon
  • Tipstelefon: 916 20 916
  • Sentralbord: 56 35 55 55
  • Avisa Nordhordland © 2019