Vindkraft, miljø og samfunn

Måndag 28. januar kl.18:00
Lindås bibliotek
Kvernhushaugane 2, IsdalstøOpne kart
kart
Ei massiv utbygging av vindkraft er i Noreg lansert som svar på klimautfordringane. -Kor godt er dette svaret? -Finst det smartare og mindre konfliktfylte svar? Carlo Aall frå Vestlandsforsking er professor i berekraftig utvikling. Han vil syne korleis forbruksendringar kan frigjere mykje av energien vi treng. Han vil òg drøfte krav som må setjast til utbygging av ny, fornybar energi, for at dette skal vere akseptabelt for samfunnet og bidra til å løyse klimaproblema. Signhild Dyrkolbotn leiar Dyrkolbotn leirskule og er ein profilert motstandar av vindkraftplanane for vestre Stølsheimen. Ho vil snakke om andre utviklingsmoglegheiter lokalt. Kva for alternativ har folk som bur i området? Ottar Olsvold har jobba som dagleg leiar og rådgjevar i fleire selskap innan marknadsføring og kommunikasjon. Er med i Reservebenken AS. Oppteken av prosessane ved etablering av vindkraftanlegg. Kvifor overlèt ein initiativet til aktørar på utsida av forvaltingssystemet? Kva vert resultatet? Kven tener på dette? Arrangørar: Strilabiblioteket i samarbeid med Reservebenken AS.
  • Adresse: Kvernhushaugane 12. 5914 Isdalstø
  • Ansvarlig redaktør: Trond Roger Nydal
  • Personvernpolicy / Informasjonskapsler
  • Redaktørplakaten
  • PFU
  • nordhordland.no vert lagra regelmessig av Nasjonalbiblioteket. Nettsida vil bli gjort tilgjengeleg som kildemateriale for forsking og dokumentasjon
  • Tipstelefon: 916 20 916
  • Sentralbord: 56 35 55 55
  • Avisa Nordhordland © 2019