Kva er innhaldsmarknadsføring?

Innhaldsmarknadsføring er eit kommersielt annonseprodukt. Det betyr at det er ein kommersiell aktør som skaper innhald som er av interesse for personar som verksemda ønskjer å nå ut til. Til dette kjøper dei kommersiell marknadsføringsplass i nettaviser sine annonsevedlegg, skilt frå redaksjonelt innhald.

God innhaldsmarknadsføring gir lesarane ny kunnskap og gode opplevingar. Gjennom dette vert bygt ein relasjon mellom verksemda og lesaren, og omdømmet og profilen til verksemda vert utvikla. Innhaldet skal gi ein merverdi for lesaren, uavhengig av om ein ønskjer å føreta kjøp. Innhaldsmarknadsføring bruker tekst, bilete og eventuelt video som forteljarverktøy.

Kvifor innhaldsmarknadsføring?

For 100 år sidan var det kontroversielt at avisa trykte annonsar i avisa. Ved introduksjon var det for mange uvant. Sidan det gjekk tydeleg fram at annonsane ikkje var redaksjonelt innhald, vart dette ein viktig funksjon for lokalavisa av to årsaker. Det handla om at lokalavisa kunne utvikle ein arena som samlande torgfunksjon, ein arena som førte til at lokale næringsdrivande nådde ut til kundane sine med bodskapen sin. Derigjennom kunne dei skape grunnlag for verksemda si og lokale arbeidsplassar.

I tillegg utgjorde annonsane for avisa viktig finansiering av journalistikk, samtidig som redaksjonell uavhengigheit vart oppretthalden. Over tid har marknadsføringa utvikla seg på mange måtar, og særleg den digitale revolusjonen har opna for nye løysingar. Avisa vår ønskjer å utvikle seg med lokale annonsørar, og gjer dette ved å tilby marknadsføringsløysingar som gir annonsørane god effekt.

Innhaldsmarknadsføring er i ferd med å etablere seg som eit verknadsfullt marknadsføringsprodukt i både internasjonale og nasjonale medium. Gjort på rett måte er det vår oppfatning at dette er eit godt og viktig produkt som også lokale annonsørar skal få tilgang til.

Korleis ser vi skilnad?

Innhaldsmarknadsføring er eit reint kommersielt produkt. Redaksjonen i avisa vår har ingenting med dette å gjere. Derfor er det også viktig at lesarane ser og forstår skilnaden på redaksjonelt og kommersielt innhald. Kravet til slikt skilje vert tydeleg understreka i dei etiske retningslinjene for medium, kalla Ver varsam-plakaten, og særleg punkt 2.6.

Kommersielt innhald skal vere tydeleg merkt. Dette er hos oss gjort med merking på framsida, med ordet «Annonse» i biletet. Ved å klikke på saka kjem lesaren til ei side som er annleis i utforming. Toppen av sida er merkt med «Betalt innhald», og øvst i teksten ligg ei merking av at innhaldet er innhaldsmarknadsføring.

Å vere tydeleg

For avisa vår er det viktig at lesarane straks ser og forstår skilnaden på innhaldsmarknadsføring og ordinært redaksjonelt innhald. Akkurat som for 100 år sidan er den redaksjonelle integriteten og uavhengigheita til avisa særs viktig for oss. Dersom nokon opplever at skiljet og merkinga er utydeleg, vil vi høyre det så snart som mogleg. Det er viktig at lokalavisa kan tilby gode og effektive marknadsføringsprodukt, men vi vil ikkje la det svekkje truverdet vårt.

Lukk

– Digital postkasse er like sikkert som banken

Annonse frå Kommunane i Nordhordland

Strilane Ingolf og Gudrun smeller til med ein solid dose strilehumor når dei treff kvarandre for å diskutera digital postkasse til folk på Vestlandet.

Ingolf er den sjølvutnemnde teknologieksperten i bygda Leknes i Lindås kommune. Han trør til når nabo og gardbrukar Gudrun treng hjelp til å installere den teknologiske nyvinninga. Postkassen skal gjere kommunikasjonen med stat og kommune enklare og raskare for innbyggjarane i Nordhordland - og resten av landet.

Vil skapa blest

Kommunane i Nordhordland har henta inn revyskodespelarane Siv-Marit Rødland (Ingolf) og Kristin Rongevær (Gudrun) for å skapa blest om den digitale postkasseløysinga, som statlege myndigheiter ønskjer at flest mogleg nordmenn skal ta i bruk.

– Eg ser at dette er veldig nyttig. Vi får samla all post frå kommunen på ein plass, og det er lett å finne att tidligare brev, seier Siv-Marit Rødland.

Den sivile utgåva av Ingolf er ikkje like teknologiinteressert, og innrømmer gjerne at ho enno ikke har valt digital postkasse.

– Etter dette er eg jo nøydd til å registrere meg på Digipost eller e-Boks, seier ho og ler.

– Digital postkasse. Få deg ein du og!

Ingolf

RADARPAR: Siv-Marit Rødland (Ingolf) og Kristin Rongevær (Gudrun) har registrert seg slik at dei kan ta imot digital post frå stat og kommune. – No kan vi få brevet direkte. Då er vi sikre på at viktige brev ikkje hamnar i feile hender, seier Rødland.

To postkassar

I Noreg kan vi velje mellom to postkasseløysingar: Digipost og e-Boks. Det er også mogleg å reservere seg, og framleis få papirbrev i den tradisjonelle postkassen.

– Karakteren min, Gudrun, blei over seg av begeistring for postkassen, og tok dette i bruk med det same. Personleg har eg ikkje vore like kjapp. Men eg ser nytten av ei slik løysing, humrar Kristin Rongevær.

Fordelen med digital postkasse er at den er gratis og tilgjengeleg på datamaskin, nettbrett og mobiltelefon.

Digital postkasse

Det er superenkelt å innstallere ein digital postkasse.

Hugs å ha elektronisk ID klar.

Kodebrikke til nettbank, eller bank ID på mobil.

Skriv inn www.norge.no i nettlesaren din.

Her finn du informasjon om digital postkasse.

Velg Digipost eller e-Boks.

Følg instruksjonane for å oppretta postkasse.

Digital postkasse på mobil/pad.

Last ned app i appstore dersom du har iPhone/iPad.

Last ned app i Google Play dersom du har android telefon eller pad.

Følg instruksjonane.

EI REKKJE FORDELAR: – Digital postkasse er gratis å bruke, og du oppbevarer brev frå offentlege verksemder på ein stad, seier Arthur Berg Reinertsen.

Frir til folket

Kommunane i Nordhordland jobbar aktivt med å digitalisere tenestene sine. Det vert gjort for å kunne gje betre service både til privatpersonar og til dei som driv næringsverksemd i kommunane, Lindås, Meland, Radøy, Austrheim, Fedje, Masfjorden, Modalen, Osterøy og Vaksdal.

Leiar Arthur Berg Reinertsen for IKT-strategi og -utvikling har ansvaret for framdrifta i alle kommunane i Nordhordland, samt Osterøy og Vaksdal.

– Vi håpar at dette er ei løysing som innbyggjarane vil ta i bruk. Digital postkasse er ein fordel både for dei som bur her og kommunane. Postkassen vil over tid bli eit godt arkiv over all korrespondanse med statlege myndigheiter eller kommune, seier Berg Reinertsen.

Han oppmodar alle som enno ikkje har tatt i bruk digital postkasse om å gjere det.

Rett i hengekøya

Gudrun har lagt seg godt til rette i hengekøya utanfor huset sitt på idylliske Leknes. Ho sjekkar posten frå kommunen på mobiltelefonen. Då sprett Ingolfen fram:

– Digital postkasse. Få deg ein du og! Du kan få posten rett i hengekøya, og den er fri for spam.

Ja, for det er slik at du kan sjekke posten kvar du vil; heime i sofakroken, utanfor i hengekøya, på fisketur i Nordhordland eller på ferie i utlandet. Så lenge du har mobildekning.

– Ja, og så må du få med at den er sikker som banken, seier han og gliser.

Kommunene i Nordhordland har gått sammen om å markedsføre produktet digital postkasse. Lindås, Meland, Radøy, Austrheim, Fedje, Masfjorden, Modalen, Osterøy og Vaksdal.
Redaksjonen i Nordhordland har ingen rolle i produksjonen av dette innholdet