Kva er innhaldsmarknadsføring?

Innhaldsmarknadsføring er eit kommersielt annonseprodukt. Det betyr at det er ein kommersiell aktør som skaper innhald som er av interesse for personar som verksemda ønskjer å nå ut til. Til dette kjøper dei kommersiell marknadsføringsplass i nettaviser sine annonsevedlegg, skilt frå redaksjonelt innhald.

God innhaldsmarknadsføring gir lesarane ny kunnskap og gode opplevingar. Gjennom dette vert bygt ein relasjon mellom verksemda og lesaren, og omdømmet og profilen til verksemda vert utvikla. Innhaldet skal gi ein merverdi for lesaren, uavhengig av om ein ønskjer å føreta kjøp. Innhaldsmarknadsføring bruker tekst, bilete og eventuelt video som forteljarverktøy.

Kvifor innhaldsmarknadsføring?

For 100 år sidan var det kontroversielt at avisa trykte annonsar i avisa. Ved introduksjon var det for mange uvant. Sidan det gjekk tydeleg fram at annonsane ikkje var redaksjonelt innhald, vart dette ein viktig funksjon for lokalavisa av to årsaker. Det handla om at lokalavisa kunne utvikle ein arena som samlande torgfunksjon, ein arena som førte til at lokale næringsdrivande nådde ut til kundane sine med bodskapen sin. Derigjennom kunne dei skape grunnlag for verksemda si og lokale arbeidsplassar.

I tillegg utgjorde annonsane for avisa viktig finansiering av journalistikk, samtidig som redaksjonell uavhengigheit vart oppretthalden. Over tid har marknadsføringa utvikla seg på mange måtar, og særleg den digitale revolusjonen har opna for nye løysingar. Avisa vår ønskjer å utvikle seg med lokale annonsørar, og gjer dette ved å tilby marknadsføringsløysingar som gir annonsørane god effekt.

Innhaldsmarknadsføring er i ferd med å etablere seg som eit verknadsfullt marknadsføringsprodukt i både internasjonale og nasjonale medium. Gjort på rett måte er det vår oppfatning at dette er eit godt og viktig produkt som også lokale annonsørar skal få tilgang til.

Korleis ser vi skilnad?

Innhaldsmarknadsføring er eit reint kommersielt produkt. Redaksjonen i avisa vår har ingenting med dette å gjere. Derfor er det også viktig at lesarane ser og forstår skilnaden på redaksjonelt og kommersielt innhald. Kravet til slikt skilje vert tydeleg understreka i dei etiske retningslinjene for medium, kalla Ver varsam-plakaten, og særleg punkt 2.6.

Kommersielt innhald skal vere tydeleg merkt. Dette er hos oss gjort med merking på framsida, med ordet «Annonse» i biletet. Ved å klikke på saka kjem lesaren til ei side som er annleis i utforming. Toppen av sida er merkt med «Betalt innhald», og øvst i teksten ligg ei merking av at innhaldet er innhaldsmarknadsføring.

Å vere tydeleg

For avisa vår er det viktig at lesarane straks ser og forstår skilnaden på innhaldsmarknadsføring og ordinært redaksjonelt innhald. Akkurat som for 100 år sidan er den redaksjonelle integriteten og uavhengigheita til avisa særs viktig for oss. Dersom nokon opplever at skiljet og merkinga er utydeleg, vil vi høyre det så snart som mogleg. Det er viktig at lokalavisa kan tilby gode og effektive marknadsføringsprodukt, men vi vil ikkje la det svekkje truverdet vårt.

Lukk