Kanskje står du på kjøkenet og lagar pinnekjøt eller kalkun, medan det ringer på døra. Utanfor står ein skokk med utkledde ungar som stemmer i «We wish you a merry christmas», og går nyttårsbukk forventnignsfulle om at du skal ha noko snop til dei.

Nokre feirar kanskje med ein tur på eit arrangement. Gudsteneste i kyrkja, eller nyttårskonsert i Grieghallen, medan andre er med på felles fyrverkerioppskyting i nabolaget.

Er du den som avlsuttar året med eit iskaldt bad, brenn eit bål, eller passar på at dyr ikkje vert skremde av lyd og lys?

Uansett kva du finn på, send oss gjerne bilder frå di nyttårsfeiring, anten du har storstilte tradisjonar eller likar det enkelt. Me vil gjerne dela bilda med våre lesarar.

Du kan senda på epost til [email protected] på Messenger til Avisa Nordhordland, eller på Instagram #avisaNh. Skriv gjerne ein setning eller to som bildetekst.

Håpar å høyra frå deg. Ynskjer alle eit godt nytt år!