To sekund skilde tenåringane i kampen om karusellsiger

Raske unggutar kjempa om sigeren i karusellfinalen. Magnus Håland vann knappe to sekund føre Kristoffer Hopland.

Raske unggutar kjempa om sigeren i karusellfinalen. Magnus Håland vann knappe to sekund føre Kristoffer Hopland. Foto:

Av

Tenåringane Magnus Håland og Kristoffer Hopland hadde ein flott duell om sigeren i karusellfinalen på Eikanger laurdag. 17-årige Magnus vann på 6.37 knappe to sekund føre den eitt år yngre Kristoffer.

DEL

Håland, som ofte går til topps i karusellen på Austrheim, tok den første sigeren sin i karusellen på Eikanger. Han har betra seg kraftig sidan førre gong han deltok her. Den gamle bestetida hans var på 7.37 frå november 2017.

Kristoffer Hopland, som betra bestetida si med ti sekund til 6.55 då han vann førre karusell, sprang no på 6.39. Han kutta dermed nye 16 sekund av den fjorten dagar gamle personlege rekorden sin. Det skal verta spennande å følgja desse to gutane når baneløpa startar i mai.

Sara Rebekka Færø Linde var på ny raskast dame. Tida hennar vart 7.18, berre åtte sekund etter bestetida frå løpet 9. mars i år. Sterkt gjort etter ein nyleg avslutta lungebetennelse. Nest raskaste dame var Grethe Jørgensen på tida 7.57 som er sesongbeste for henne – ein god prestasjon i det fjerde løpet hennar på ei veke.

Sara Linde vart beste kvinne som resultat av løpet, og hamna akkurat utanfor pallplass.

Sara Linde vart beste kvinne som resultat av løpet, og hamna akkurat utanfor pallplass. Foto:

Vebjørn Haugsdal var tredje raskast laurdag med tida 7.15 som var ny bestenotering for han med eitt sekund. Solide løp av veterangjengen Jon Harald Leknes (7.23), Nils Rune Sæthre (7.30), Bjørnar Eidsheim (7.32), Terje Håland (7.34) og Ove Morken (7.41).

Idar Odland i 13-årsklassen har hatt stor framgang denne sesongen. Han har betra bestetida si frå 8.43 i siste løpet førre sesong til 8.01 i løpet laurdag. Ei rekkje andre unge gutar og jenter noterte nye bestetider eller sesongbeste i karusellfinalen. Og det same gjorde fleire vaksne.

Løpet gjekk i strålande solskin og nesten vindstille, så forholda var fine. 110 deltakarar stilte til start og det er rekord for sesongen. I alt har det vore 897 startar i dei ti løpa i 2018-19, noko som er rekord for ein sesong.

Denne gengen fekk premie for mange startar. Frå venstre: Anders Eidsnes, Steinar Haukås, Jan Kårbø, Michelle Helland Haukås, Magnus Elvik og Venke Fyllingsnes.

Denne gengen fekk premie for mange startar. Frå venstre: Anders Eidsnes, Steinar Haukås, Jan Kårbø, Michelle Helland Haukås, Magnus Elvik og Venke Fyllingsnes. Foto:

Premie for mange startar gjekk i år til: Steinar Haukås passerte milepålen 250 startar, Jan Kårbø og Anders Eidsnes fekk premie for 200 startar. Venke Fyllingsnes fekk som første kvinne premie

for 150 startar. Magnus Elvik passerte 100 startar og Atle Austrheim 75 startar. For meir enn 30 startar fekk desse premie: Tanita Sperrevik, Michelle Helland Haukås og Leif Bjørnar Hopland.

Terje Eidsnes toppar framleis lista over flest startar med 272, følgd av Sverre Solberg 268, Steinar Haukås 255, Alf Høyland 248 og Arvid Hauge 245.

Resultat frå Vinterkarusellen

Vinterkarusell 2018-19, 10. løp. Eikanger 13. april 2019 - 110 deltakarar

Arr.: Eikanger IL

Sol, flott, berr veg, lett vind, + 9-11° C.

«Brua rundt», ca. 2 150m

1. Magnus Håland 6.37

2. Kristoffer Hopland 6.39

3. Vebjørn Haugsdal 7.15

4. Sara R. Færø Linde 7.18

5. Jon Harald Leknes 7.23

6. Nils Rune Sæthre 7.30

7. Bjørnar Eidsheim 7.32

8. Terje Håland 7.34

9. Johannes Hopland 7.37

10. Ove Normann Morken 7.41

11. Grethe Jørgensen 7.57

12. Idar Odland 8.01

13. Martin Fredriksen 8.12

14. Mats Johan G. Oppedal 8.16

15. Gaute Sørli Verlo 8.20

16. Eskil Sørli Verlo 8.22

17. Jan Helge Gausvik 8.33

18. Amalie Kallestad 8.37

19. Ludvig Færø Linde 8.38

20. Mette Ansnes 8.38

Johan Austgulen 8.40

Stina Nes Sjursen 8.48

Olav Alme 8.49

Bjarne Gausvik 8.49

Daniel Norheim 9.03

Mina Elisabeth Søraa 9.04

Adrian Hansen Toft 9.05

Ida Herland Sæthre 9.11

Marcus Helland Haukås 9.12

Are Flekke 9.18

Terje Eidsnes 9.24

Jan Kårbø 9.29

Sjur Øren Heggernes 9.38

Silje Nes Sjursen 9.50

Eira Austgulen 9.52

Øyvind G. Oppedal 9.53

Håvard Andre G. Oppedal 9.55

Samuel Strømmen Gjuvsland 10.07

Martin Andreas Søraa 10.11

Sondre R. Eidsnes 10.19

Frode Sjursen 10.20

Anders Eidsnes 10.24

Merethe M. Odland 10.29

Martin Nytun Schulstad 10.47

Gustav Ansnes Færø 10.49

Jo Harald Færø 10.50

Atle Kolbeinsen 10.53

Sverre Solberg 11.30

Solveig Villanger Haugland 11.31


Utan tid:

Emil Høyland Aldeholm, Margrethe Alme, Renate Alme, Håvard Austgulen, Ingeborg Reigstad Danielsen, Lene Reigstad Danielsen, Hanne R. Eidsnes, Miriam R. Eidsnes, Magnus Elvik, Renate Eneroth, Victoria Enes, David Enes, Jakob Enes, Andre Midtgård Espevoll, Ann Kathrin Midtgård Espevoll, Annikken Midtgård Espevoll, Asbjørn Espevoll, Bente E. Fyllingsnes, Jan S. Fyllingsnes, Venke Fyllingsnes, Anna Ansnes Færø, Alexander Gausvik, Kari Gausvik, Arvid Hauge, Sofie Haugland Hauge, Stanley Hauge, Kay Eric Haukås, Michelle Helland Haukås, Steinar Haukås, Svein Olav Heggernes, Katrine Hopland, Torunn Hopland, Isak Øvretveit Hosøy, Mali Øvretveit Hosøy, Ruben Hosøy, Alf Høyland, Margrethe Høyland, Mathilde Eneroth Høyland, Bjarte Larssen, Gunnar A. Larssen, Inge Leknes, Frida Færø Linde, Live Færø Linde, Lorentz Linde, Rikke Færø Linde, Cecilie Beate Mosland, Elias Mosland, Alf Kåre Mosland, Jonathan Mosland, Jan Erik Odland, Solveig Odland, Emil Olai Oppedal, Margunn G. Oppedal, Cato Sperrevik, Andreas Søraa, Liam Hansen Toft, Monica Toft, Richard Toft, Åge Toft, Amalie Øvretveit, Johanne Øvretveit


Neste løp:

Laurdag 12. oktober kl. 15.00.

Artikkeltags