Stina var raskaste kvinne i vinterkarusellen

Av

Phillip Morken og Stina Nes Sjursen gjekk til topps i vinterkarusellen på Eikanger på laurdag.

DEL

Phillip var raskast av alle med 7.31 og Stina var raskast kvinne med 9.20.

For begge ungdomane var det første gong dei vann karusellen. Vinnartida til Phillip Morken (f. 2004) var berre to sekund etter bestenoteringa hans på 7.29 frå 17. februar i fjor. Ein flott prestasjon under tunge, vinterlege forhold.

Nest raskast av alle laurdag var Kristoffer Hauge Haugland (f. 2003) på tida 8.01, og på tredjeplass kom veteranen – og far til vinnaren – Ove N. Morken på 8.20. Idar Odland (f. 2006) kom på femteplass med 8.50 – eit av dei beste løpa han har gjort.

Dei vinterlege forholda med snø og is i over halve løypa, sørpeføre i ein fjerdedel, gjorde det tungt å springa. Og ned første bakken måtte ein vera varsam på glatten. For mange vart tidene fort 20- 40 sekund svakare enn med berr veg. Likevel var det fleire som sprang tett opp mot bestetidene sine.

Ei av dei som imponerte var Mina Elisabeth Sørå (f. 2008) som med 9.45 tangerte bestetida si og vart nest raskaste jente. Deltakinga under dei vinterlege forholda var god med 76 startande.

Vinterkarusell 2018-19, 6. løp. Eikanger 26. januar 2019

Arr.: Eikanger IL Skya, opphald, snø, is og snø ut til brua, berr gangveg, slaps resten, + 2-3° C.

«Brua rundt», ca. 2 150m

1. Phillip Morken 7.31

2. Kristoffer Hauge Haugland 8.01

3. Ove Normann Morken 8.20

4. Anders Eidsnes 8.41

5. Idar Odland 8.50

6. Gaute Sørli Verlo 9.15

7. Stina Nes Sjursen 9.20

8. Hogne Haugsdal

9.26 9. Marius Hopland Larsen 9.27

10. Eskil Sørli Verlo 9.40

11. Mina Elisabeth Søraa 9.45

12. Jan Kårbø 9.54

13. Ruben Hosøy 10.13

14. Olav Alme 10.14

15. Adrian Hansen Toft 10.16

16. Victoria Osen 10.20

17. Terje Eidsnes 10.31

18. Martin Ådnanes 10.38

19. Svein Cato Falkanger 10.42

20. Frode Sjursen 10.45

21. Solveig Villanger Haugland 10.58

22. Helene Osen 10.59

23. Martin Andreas Sørå 11.06

24. Harald Hansen 11.16

25. Hege Mørch Fosse 11.18

26. Valborg Nes 11.39

27. Magnus Ådnanes 11.39

28. Kjell Namtveit 11.51

29. Ove Danielsen 12.21

30. Sverre Solberg 12.43

31. Elias Øvretveit 13.05

32. Cato Sperrevik 13.18

33. Venke Fyllingsnes 14.25

34. Jonas Øvretveit 16.53

35. Liam Hansen Toft 16.55

Utan tid: Emil Høyland Aldeholm, Margrethe Alme, Renate Alme, Maria Annan, Ingeborg Reigstad Danielsen, Lene Reigstad Danielsen, Hanne R. Eidsnes, Miriam R. Eidsnes, Sondre R. Eidsnes, Sunniva R. Eidsnes, Magnus Elvik, Andre Midtgård Espevoll, Ann Kathrin Midtgård Espevoll, Annikken Midtgård Espevoll, Silje Falkanger, Jan S. Fyllingsnes, Bente E. Fyllingsnes, Arvid Hauge, Stanley Hauge, Kay Eric Haukås, Marcus Helland Haukås, Kate Hosøy, Isak Øvretveit Hosøy, Inge Leknes, Kathrine Namdal, Torben Namdal, Olai Nepstad, Jan Erik Odland, Solveig Odland, Susanne Rebnord, Tanita Sperrevik, Tone Sperrevik, Linn Sørå, Laila Toft, Monica Toft, Åge Toft, Amalie Øvretveit, Janina Øvretveit, Johanne Øvretveit, Anna Ådnanes, Ingrid Rebnor Ådnanes

76 deltakarar.

Artikkeltags