Semja inneber mellom anna at kommunane sjølv vil få bestemme om dei vil stille areal til disposisjon for vindkraftanlegg.
I tillegg blir tidsramma stramma inn, slik at eit vindkraftanlegg på land skal vere i drift seinast fem år etter innvilga søknad. Det vil òg bli vanskelegare å få endra søknader som allereie er godkjende.
Partia er òg samde om å gi kompensasjon til vertskommunane for vindkraftanlegg. Dette blir lagt fram i eit eige forslag i revidert nasjonalbudsjett for 2021.
– Vi søkjer no eit breitt fleirtal i Stortinget for forslaga, med mål om mindre konflikt og meir føreseielege vilkår i ei sak som vekkjer store kjensler mange stader i landet, skriv regjeringspartia Høgre, KrF og Venstre, og dessutan Frp, i ei felles pressemelding.
Frp-krav
Då regjeringa la fram vindkraftmeldinga si i juni, varsla Frp sju krav for å støtte meldinga. Sidan har partia forhandla, og onsdag kom dei til semje.
Medlem av energi- og miljøkomiteen for Frp, Terje Halleland, seier at dei har fått gjennomslag for alle krava sine.
Mellom anna har dei kravd strengare krav til lokal aksept, buffersone frå vindmøllene til busetnad, kutt av alle subsidiar, byggjestart seinast fem år etter gitt konsesjon og garanti for opprydding.
I tillegg skal regelverket flyttast frå energilova til plan- og bygningslova, og høgd og talet på turbinar skal fastsetjast i konsesjonen, opplyser Frp.
– Det er ei glede å kunne kunngjere at Frp etter langvarige og tøffe forhandlingar med regjeringa har fått fullt gjennomslag for krava våre til eit nytt vindkraftregime. I sum vil Frps gjennomslag bidra til at kommunar, lokalsamfunn og folk som bur i område der vindkraftutbygging blir vurdert, alltid vil ha det siste ordet, seier Halleland.
– Styrker lokaldemokratiet
Han meiner at dreiinga dei har fått regjeringa med på, no vil setje lokaldemokratiet i førarsetet.
– For Frp har det heile tida vore avgjerande å styrkje lokaldemokratiet i desse sakene. Vi har i for lang tid sett korleis folk som bur i ramma område har følt seg overkøyrt av styresmaktene, seier han.
Høgres Liv Kari Eskeland er svært glad for at dei har klart å bli samde.
– Dei nye endringane vil sikre lokal medverknad i størst mogleg grad, og ikkje minst kompensasjon til vertskommunane. No håpar eg det er mogleg å samle eit breitt fleirtal bak desse forslaga, seier ho.
Moxnes: – For lite for seint
Raudt-leiar Bjørnar Moxnes er likevel ikkje fornøgd:
– Dette er for lite, for seint frå regjeringa og Frp. Det vi treng no, er ein full stopp for nye vindkraftanlegg på land, slik at naturen og lokalsamfunna får puste igjen, seier han.
Han vil gi kommunane det han kallar «ein reell vetorett mot vindkraftutbyggingar», som ikkje kan overprøvast.
– Nyleg gjekk Frp på høgt på banen med krav om bindande folkeavstemmingar om vindkraft. Men her fryktar vi at lokalbefolkninga mange stader framleis vil føle seg overkøyrd, seier Raudt-leiaren.

Folk for fjella opna informasjonskontor: – Det er viktig å vise at vi står opp mot utbygginga