Kvar blæs vinden?

Av

NVE sin rammeplan for vindkraft på land har gitt vindkraftutbygging på land både medvind, lett bris, motvind, storm og orkan i kasta.

DEL

MeiningarVindkraftindustriplanane som no ligg føre, råkar utvilsamt naturen på våre kantar! Fleire har etterlyst kvar Masfjorden kommune står når vindkraftsaka blæs om øyrene, og kva politikarane meiner om vindkraftindustriplanane.

Venstre har og stilt spørsmål om dette, og er glad for at det endeleg kjem opp som sak i kommunestyret 9.mai!

Lokal debatt og dialog er livsviktig og kommunestyret må ha eit felles vedtak å styre etter. Dei fleste kommunar som er råka av planane er tydelege motstandarar av vindkraftutbygginga. Kvifor? – Jau, det er fleire årsaken til det, men fellesnemnaren er verdi!

Verdien av naturressursane, artsmangfald og friluftsinteresser vert vurdert som større enn kortsiktig, uavklart profitt. For vil kommunane hauste gevinst via eigedomsskatt, ein gevinst som står i høve til tapet av natur, og vil den enkelte grunneigar få utbetalt eit utbytte som står i forhold til dei inngrepa som for alltid vil vere synleg på eigedommen?

Vil kommunen hauste arbeidsplassar knytt til vindkraftindustrien, vil det gje oss fleire innbyggarar som flyttar hit, eller fleire som pendlar inn ( og ikkje bur her)?

Vert utstyret til dei enorme installasjonane produsert her i landet? Er det snakk om nesten 1 km lang veg til kvar enkelt vindturbin? Er dei 180 meter høge eller nærare 300 meter (som Eiffeltårnet)? Kvar skal dei nyutsprengte massane ta vegen, skal dei leggast på nye verdifulle våtmarksområde (som i Haugsværdalen)?

Kva dalar, stølsmiljø og lokalsamfunn vert råka av nye kraftlinjer frå vindkraftanlegga og får linjetrasear tett på seg? Kva utvikling får me i kommunen vår om me etablerar industri i fjella, vil innbyggarane framleis bu her?

Der er mange spørsmål å stille oss sjølve som politikarar og me får mange innspel og argument for og imot i vindkraftsaka. Mange av oss har og fleire års erfaring med NVE og vindkraftutbyggarar knytt til Dalsbotnfjellet og linjetrase gjennom Myrdalen ( Sleire). Erfaring som gjer at ein kjenner seg til tider makteslaus mot sterke kommersielle interesser.

At me alle har eit felles ansvar for klima og miljø framover, er klart og det er dette det eigentleg handlar om, felles ansvar og forvaltning av verdifulle naturområde med alt det inneber av artsmangfald, friluftsliv og kulturarv!

I Noreg produserer me nok straum til alle her i landet og meir til. Me er ikkje so mange, korkje i Masfjorden, Nordhordland, Vestland eller Noreg når alt kjem til alt, men like fullt har me eit stort felles ansvar og ein enorm felles verdi, naturen vår. Og naturen vår er allereie i stor grad prega av kraftproduksjon!

Vårt felles ansvar er å sikre at det som er igjen vert forvalta på ein god nok måte for det grøne skiftet. Naturen er ein stor del av livskvaliteten for enkeltmennesket – og det i seg sjølv er eit bidrag inn mot det grøne skiftet.

Kommunane i distrikta har eit viktig fortrinn for å vere attraktive, med nærleik til natur og gode friluftsopplevingar. Masfjorden Venstre ynskjer auka busetting og folketalsvekst, men og ei endring til beste for klima og miljø. Her kan alle bidra med sitt, og alle bidrag monnar – ikkje minst lokalt med tanke på energieffektivisering. I vår region bør me i sterkare grad sjå på fornybar energi som kan utviklast knytt til eksisterande industri. Ei industri som i dag gjev arbeidsplassar til særs mange og som gjer det her mogeleg å bu for mange av oss.

Med dagens og morgondagens teknologi vil me kunne satse på havvind, solenergi og bioenergi knytt til dagens industri og arbeidsplassar. Ei utvikling som ikkje vil rasere naturområde slik vindkraftplanane skisserar.

Øydelagt natur kan ikkje tilbakeførast - og vil ungdom eller barnefamiliar komme heim og etablere seg, om det unike vert fjerna?

Ungdom og barnefamiliar er viktige ressursane for lokalsamfunna og me vil at dei skal velje bu -kvalitetar som me distriktskommunar har – fantastisk natur frå fjord til fjell!

Å etablere vindkraftindustri i våre vakre og rike fjellområde, vil vere – og gjere, ein uoppretteleg skade for generasjonar framover. Det er den enkelte innbyggar som uansett må ta mesteparten av kostnadene framover, og me har alle eit ansvar - uansett kvar vinden blæs, medvind eller motvind!

Masfjorden Venstre er imot vindkraftutbygginga på land!

Artikkeltags