(Firda): – Ferjesambandet mellom Lavik og Oppedal i Vestland fekk verdas første elektriske ferje i 2015. No ønsker vi å legge til rette for at sambandet skal få autonome ferjer, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård i ei pressemelding.
Regjeringa har derfor lyst ut ein utviklingskontrakt som skal sjå nærare på digitalisering og autonomi.
Heilelektrisk og ei ekstra ferje
I den nye kontrakten vil det vere krav om at alle ferjene skal vere heilelektriske, og at det vil bli fire ferjer på sambandet, mot tre i dag.
For dei reisande på E39 vil det bety at dei kan ta ferja kvart 15. minutt, i staden for kvart 20. minutt som i dag. Laurdagar vil tre ferjer trafikkere sambandet, mot dagens to.
Den vekefaste kapasiteten på ferjesambandet vil dermed auke med rundt 25 prosent samanlikna med dagens tilbod.
– Vi skal kutte norske utslepp med 55 prosent innan 2030. Då er vi avhengig å få med heile laget, og heile landet. Vi har hatt suksess med elbilpolitikken, men eg meiner vi ikkje er i hamn så lenge fjordane har dieselferjer fulle av elbilar. Staten skal stille opp, men vi skal òg stille krav der vi kan kutte utslepp, seier statsminister Jonas Gahr Støre.
Anbod etter sommarferien
Det er Statens vegvesen som har ansvaret for drifta av ferjene på riksvegane i Norge.
Dei har ansvaret for å følge opp utlysinga som skal gjelde etter at dagens kontrakt går ut i 2024. Vegvesenet inviterer no næringa til å kome med nye løysingar for digitalisering og automatisering av ferjedrifta.
Den nye kontrakten skal ha ei varigheit på åtte år, med opsjon på forlenging i inntil 12 månader. Statens vegvesen skal legge ut anbodet etter sommaren.
Såg du denne utanfor Coopen i Førde? Eigaren: – Var ikkje på handleturPå denne smale vegen i Gulen blir det frakta verdiar for nesten 2 milliardar årleg: No blir vegen oppgradertHan er den nye sjefen i Solund kommune