– Er du pensjonist og mann? Har du litt tid til overs?

Slik startar invitasjonen frå Alver kommune sine frivilligsentralar. Måndag inviterer dei til eit idémøte for å diskutere korleis dei kan lage ein møtestad for pensjonerte menn.

Møtet finn stad i andre etasje på den gamle brannstasjonen på Frekhaug klokka 18.

Tema for møtet er korleis ein kan få til å skape ein møtestad, og kva som skal skje på møtestaden.

– Prate, drikke kaffi, møte andre?, spør frivilligsentralane i invitasjonen.