Over 30 personar fylte den vesle skulestova den varme, sommarlege kvelden 22. april. Då kom bandet «Try With Coffee» for å spela for bygdefolk og hyttefolk.
– Dei har etablert seg som ein trio med eit vakkert og eigenarta musikalsk uttrykk, skriv Cato P. Danielsen i Eikanger kultur til NH.
Kjente seg heldige
Bjørn Schille speler gitar, Brynjar Manger speler på slagverk og Linn Merethe Myrtveit syng i «Try With Coffee».
– Jazz/pop-sjangeren er som skapt for vokalisten, meiner Danielsen.
Han fortel at dei frammøtte likte det dei høyrde. «Tenk å gå 300 meter frå hytta og oppleva ein slik konsert. Heldige oss», var kommentaren til ein av dei frammøtte, ifølge Danielsen.

Gutane har starta Alverpodden: – Går ikkje ein dag utan at folk spør om å få vera med
Vil skapa ei scene
Saman med kona Gro Fyllingsnes har paret ambisjonar om å utvikla ei scene for lokale musikarar og annan kultur. At det vert minneverdige opplevingar for artistar og publikum, men og ein fast møteplass i bygda.
Dei har allereie planar om fleire konsertar. Om ein månad er det den lokale artisten Hanne Vatnøy, HAVA, som skal stå på scena på Eikanger.
_1.jpeg?chk=C5CA6D)
Jannicke fann fram penselen då pandemien gjorde det umogleg å halde yogakurs. No stiller ho ut i Knarvik senter
