Vil forby fossilbilar i Bergen – skjermar E39 gjennom byen

Klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V) åpner for fossilfrie soner i Bergen.

Klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V) åpner for fossilfrie soner i Bergen. Foto:

Av

Sveinung Rotevatn (V) seier ja til soner i Bergen der fossilbilar blir forbodne. Framstegspartiet fryktar butikkdød.

DEL

Det er i den nye klimaplanen til regjeringa opninga kjem.

– Dette har eigentleg vore eit uavklart spørsmål. Men i arbeidet med klimaplanen vi har sett på det, og vi kjem til å foreslå i klimaplanen at vi opnar for nokre prosjekt, seier Rotevatn til NTB.

I praksis betyr det at byråda i Oslo og Bergen, som lenge har ivra for slike nullutsleppssoner, ligg an til å få løyvet dei treng.

– Eg reknar med at dei kjem til å be om det. Og då er vi imøtekommande, seier statsråden.

Vil hjelpe fram elvarebilar

Innføring av nullutsleppssoner betyr at det i enkelte gater eller område i byane kan bli forbode å køyre bilar som slepp ut CO₂.

Berre utsleppsfrie bilar vil sleppe til på vegane.

– Vi trur dette kan vere eit bra verkemiddel for å få fart i omstillinga av køyretøyparken, særleg blant næringsdrivande. Vi ser at det framleis går for tregt med omstillinga av til dømes elvarebilar. Det er framleis altfor mange som kjøper fossile varebilar, seier Rotevatn.

Han seier det får bli opp til kommunane sjølv å vurdere detaljane, til dømes om det skal givast unntak for tungtransport, der marknaden ikkje akkurat renn over med gode alternativ til diesel.

– Men viss byane ønskjer det og meiner eit område er eigna for det, så kjem vi til å tillate det.

Skjermar riksvegane

Det regjeringa derimot ikkje vil tillate, er utsleppsfrie soner som omfattar riksvegnettet.

– Det ville vere veldig inngripande viss du til dømes sa at det ikkje var lov å køyre fossilbil på E39 gjennom Bergen. Det ville fått dramatiske konsekvensar for eit stort område, seier Rotevatn.

Det er behovet for utsleppskutt i transport som er bakteppet for vedtaket. Klimautsleppa skal kraftig ned, og i den nye klimaplanen til regjeringa står transportpolitikken heilt sentralt.

– Eg er optimistisk på at vi skal klare å ta store kutt i transportsektoren framover, seier Rotevatn.

Frp skuffa

Oslos byråd for miljø og samferdsel, Lan Marie Berg (MDG), kallar avgjerda ein siger for klima og for byrådet.

– Endeleg. Dette har vi bede om fleire gonger, seier Berg.

– Det vil gi mindre støy, meir plass til byliv og gjere det lettare å reise med sykkel, kollektiv, elbil eller andre nullutsleppsbilar.

Framstegspartiets samferdselspolitiske talsperson Bård Hoksrud er derimot skuffa.

– Det tek i lita grad omsyn til alle dei som bur i byane og har behov for bilen, seier han.

Hoksruds frykt er at sonene skal bli så store at dei til dømes omfattar heile indre by i Oslo.

– Det vil i praksis lamme Oslo sentrum og handelsnæringa, og vi slit allereie med sentrumsområde som er i ferd med å døy ut når det gjeld varehandel og butikkar, åtvarar Hoksrud.

Forseinka klimaplan

Den nye klimaplanen vart i haust forseinka, men blir no lagd fram fredag.

Det overordna målet i planen er å kutte utsleppa i såkalla ikkje-kvotepliktig sektor med 45 prosent frå 2005-nivå innan 2030. Skal målet nåast, må utsleppskutta bli 16,6 millionar tonn større akkumulert i perioden 2021–2030 enn det ein ville oppnådd med dagens politikk.

I ikkje-kvotepliktig sektor ligg transport, bygg, avfall, jordbruk og noko industri.

Til saman er det snakk om omtrent halvparten av klimagassane som blir sleppte ut i Noreg.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken