Vikanes/Romarheim bygdelag vil drøfte kommuneflytting: – Vi treng bustadbygging og næringsutvikling for at bygda vår skal klare seg

Av

Byvekstavtalen sett frå Vikanes.

DEL

MeiningarEg er leiar i Vikanes/Romarheim Bygdelag, som har prøvd og engasjere seg i kommuneplanarbeidet. Etter eit bygdamøte, kom vi med høyringsuttale og fleire ynskjemål i haust under rulleringa av arealdelen. Desverre nådde vi ikkje fram, og arealplanen vart ikkje så veldig positiv for oss her inne i Osterforden, synest eg. Spesielt leit var det at vi mista seks bustadtomtar i Romarheimsneset.

No las eg eit innlegg i Avisa Nordhordaland, skrive av Signhild Dyrkolbotn, som omhandlar Byvekstavtalen og konsekvensen av den for bygdene våre rundt omkring. Sjølv har eg ikkje sett meg inn i alt i Byvekstavtalen, men slik eg tolker både Byvekstavtalen og Arealplanen i kommunen vår, så er konsekvensen av dette ei sentralisering og bygdene blir nedprioriterte.

Dersom kommunen godtek Byvekstavtalen, så følger det med pengar, forstår eg. Om politikarane våre då føler seg pressa til å stemme ja på grunn av pengane, så bør ordførarane rundt omkring samle seg saman og protestere. Dette vert jo ei undergraving av lokalpolitikarane sin styringsrett som ikkje kan godtakast.

Modalen kommune og Masfjorden kommune, som bygda vår grensar til, er ikkje ein del av byvekstavtalen. Er det ei løysing for oss å søke om justering av kommunegrensa, og overføring til ei av desse kommunane? Dei har utkant-utfordringar tilsvarande våre. Vi treng bustadbygging og næringsutvikling på same vis som dei gjer, for at bygda vår skal klare seg. Dette er noko vi må drøfte i bygdamøte.

Denne uttalen vert sendt etter fullmakt frå styret i Bygdelaget

Vikanes, 16. februar 2020

Mvh Helge Eidsheim

Vikanes/Romarheim Bygdelag

Artikkeltags