Snømangel kan gi rekordhøge straumprisar

Snømangel i fjellet kan dei gi dei høgaste straumprisane nokon gong, åtvarar Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE).

Snømangel i fjellet kan dei gi dei høgaste straumprisane nokon gong, åtvarar Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE). Foto:

Av

Snømangel i fjellet kan dei gi dei høgaste straumprisane nokon gong, åtvarar Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE).

DEL

Straumprisane steig til nye rekordnivå i Sør-Noreg måndag denne veka. Sjølv om auka prisar på kol og gass i Europa er viktige årsaker til dette, kan snømangelen i norske fjell presse straumprisen ytterlege opp, skriv Dagens Næringsliv.

– Førebels manglar vi ein seksdel av den snøen vi pleier å få gjennom vinteren, seier seniorrådgivar Martin Andreas Vik i NVE.

Dersom prisane på kol og gass held seg høge, og dersom snømangelen fortset, kan dette saman føre til at straumprisane blir uvanleg høge i andre kvartal.

– Snømengda pleier å ha mest å seie for kraftprisane i andre kvartal. Vi pleier å få eit fall i kraftprisane når snøsmeltinga står på for fullt, men det er mindre sannsynleg at vi får eit slikt prisfall i år, seier Vik.

Snømengdene forandrar seg likevel raskt, og snømagasina kan fylle seg opp dei neste to månadene, understrekar han.

Artikkeltags