Svar frå Alver Ap til lesarbrev publisert i avisa Nordhordland frå Folk for fjella v/ Arnold Matre m.fl 03.11.22

Takk til Folk for fjella og den jobben de legg ned for å halde fjella våre fri for vindindustri.

Les også

Kvar står partia i vindkraftsaka? Me ber om svar

Partiprogrammet for Alver Ap kommunestyreperioden 2023-2027 er i desse dagar ute på høyring i lokalpartiet. Partimedlemmer har no høve til å sende sine innspel og merknader før programmet blir vedtatt på program- og nominasjonsmøtet 27. november, der vi også skal velje kven som skal stå på lista til Alver Ap i valet til hausten.

Programmet er jobba fram etter partipolitisk ideologi, lokale innspel og høve, innspel frå medlemmer i Alver Ap, innspel frå innbyggarar, lokale organisasjonar, fagforeiningar og næringsliv m.fl i ein brei prosess der ei programnemnd har leia arbeidet og utarbeid forslag etter nemnde innspel.

Partiprogrammet for kommande kommunestyreperiode vert vedteke før kandidatar til lista vert vedteke slik at kandidatar kan ta stilling til innhald og ei endeleg avgjer på om dei stiller seg bak innhaldet i programmet.

Alver Ap har i inneverande periode støtta opp om og deltatt aktivt i utarbeiding av dei uttaler som er gjort i Alver kommune og Vestland fylkeskommune.

Så til dei konkrete spørsmåla som vart stilt frå Arnold Matre m.fl.

  • Vil partiet i programmet for 2023–2027 følgje opp og programfeste ei slik avvisande haldning mot vindkraft som har kome fram i vedtak og uttale frå fylkeskommunale organ?

Programnemnda til Alver Ap har lagt fram forslag i programutkastet som støttar tidlegare uttaler frå Alver kommune og Vestland fylkeskommune om vindkraft.

  • Vil partiet sine listekandidatar, og representantar som blir innvalde, vere forplikta til ei slik programformulering?

Det er ein føresetnad at listekandidatar som stiller seg disponibel og valbar til kommunevalet stiller seg bak partiprogrammet. Derfor vart programmet vedtatt før lista.