Ei fersk undersøking viser at både privatpersonar og profesjonelle utbyggjarar har gode erfaringar med byggesaksavdelinga i Meland kommune. Heile ni av ti brukarar er svært nøgde!

Då resultata blei presentert i Meland kommunestyre sist veke uttalte representantar frå konsulentfirmaet Nor PR at dei har utført slike undersøkingar for mange kommunar, og i følgje brukarane har Meland ei av dei beste byggjesaksavdelingane i fylket. Innbyggjarane får rask, profesjonell og «kundevenleg» handsaming.

Det er grunn til å gratulere alle tilsette ved plan – og byggjesaksavdelinga i Meland med resultatet.

Det er ikkje tilfeldig at Meland oppnår så gode resultat som denne undersøkinga syner. Det har gjennom mange år vore stort politisk og administrativt fokus på å gi innbyggjarar og næringsliv gode tenester, og det er svært gledeleg at dette arbeidet har gitt eit så godt resultat.

Dei gode resultata frå Meland gir grunn til optimisme i Alver kommune. Intensjonsavtalen for Alver seier at den nye Alver kommune skal ta med seg beste praksis frå dagens tre «Alver» kommunar. I tillegg til byggjesak har Meland saman med Fjell og Os kommunar scora svært godt på undersøkingar om private reguleringsplanar.

Alver Høgre er tydeleg på at Alver skal vere ein JA-kommune. Det betyr at Alver må lage planar og strategiar som rustar oss til å ta imot nye bedrifter, næringar og innbyggjarar på ein god måte.

Ein positiv og offensiv plan- og byggjesakspolitikk er verktøyet som må brukast for å sikre at vi tar heile kommunen i bruk. Dette er også viktig for å skape ein bærekraftig kommuneøkonomi/velferdskommune. Difor er dei oppløftande resultata frå Meland godt nytt for innbyggjarar og næringsliv i Alver.

Dagens plan- og byggesakshandsaming i Meland må bli morgondagens praksis i nye Alver kommune.