Lesarbrev Dette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.
Vi beklagar sterkt at fiskarar har fått sei fulle av laksepellet i Mangersfjorden. Når det først har skjedd er vi takksame for at fiskarane varslar om dette. Vi set og stor pris at ordføraren i Alver inviterte oss til møte, og at det vert eit nytt møte der og yrkesfiskarane vert inviterte.
Etter oppslaga i Avisa Norhordland går vi systematisk gjennom lokalitetane våre i området og sjekkar det som sjekkast kan for å eventuelt avdekka om det er noko me har oversett eller ikkje har god nok kontroll på, og om det er nødvendig med tiltak. Ikkje minst er varierande straumforhold ein risiko og utfordring, særleg gjeld dette om lokaliteten er ny.

Ber ordføraren gå i dialog med næringa om «skrekkfangsten»
Regelen i dag er at både vi og andre oppdrettsselskap har redusert fôrspel til eit minimum, eller ikkje eksisterande problem. Alle lokalitetar hos Lingalaks vert fôra med fast personale med lang trening i å fôra fisk. Vi overvakar fôringa med kamera i alle merdar, og har prosedyrar med maks fôringsdjup på 8 meter om sommaren og 12 meter om vinteren. Straumen vert og overvaka, og på straumsterke dagar vert fôringa vurdert ut frå om risikoen for fôrspel er til stades. Anlegga og fisken vert kontrollerte dagleg for å ha kontroll på eventuelle avvik. Det gjeld og fôringsanlegg og fôringsspreiarar.
Vi forstår at fiskarar som får sei fulle av fiskepellets synest det er ekkelt. Utan at det er noko forsøk på bortforklaring, viser eit treåring forskingsforsøk i regi av Nofima at kvaliteten på sei som har beita på oppdrettsfôr ikkje er forringa. Vi har heller ikkje brukt medisinfôr på anlegga våre på Radøy i inneverande generasjon. Eventuelt fôrspel frå oss er difor utan risiko for spreiing av medikament for villfisk og menneske.
Lingalaks oppmodar alle som eventuelt opplever å få fisk med pellet om å melda ifrå om det. Enten via media, til kommunen eller til oss direkte. Det skal ikkje skje, og når det likevel skjer er det vårt ansvar å avdekka kvifor og om nødvendig gjera endringar i eigne rutinar og anlegg for å forhindra at det skjer.

Fangsten til Arne og Ronny var nok ein gong full av pellet: – Du blir småkvalm av heile greia

Snakkar ut på merdkanten: – Me lever ikkje av å fôra villfisk
