Slik vert vêret i vinterferieveka

Kald og klar vinterferieuke, mener både meteorologen og klimaforskeren.

Kald og klar vinterferieuke, mener både meteorologen og klimaforskeren. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Vinterferien ser ut til å bli kald, men bra. – Husk klede, seier både klimaforskaren og meteorologen.

DEL

– Vinterferien ser utruleg bra ut. Vanvettig bra, seier klimaforskar ved Uni Research og Bjerknessenteret, Erik Kolstad til BA.

Han leiar eit nytt, bergensbasert forskingsprosjekt kalla Seasonal Forecasting Engine. Dei håpar å kunne melda vêret lenger fram i tid enn det som er vanleg i dag.

Sjå hele oversikten nedst.

Finvêr i vente

For to veker sidan fortalde Kolstad at dei hadde indikasjonar på at det frå og med helga 16.–18. februar ville gå inn i ein kald periode.

– Kanskje litt som den vi hadde vinteren 2009-2010, fortalde han, og understreka at det ikkje vil vera mogleg å melda vêret detaljert på same måte som for eksempel Yr gjer veke for veke.

To veker seinare er det ein fornøgd klimaforskar som tek telefonen:

– Vi såg tydeleg temperaturendringar i stratosfæren. Syklusen med ein jetstraum i høgda, som fører lågtrykka inn, vart broten opp. Då ser ein ofte i løpet av nokon dagar, kanskje veker, at lågtrykka inn mot Vestlandet stoppar. Akkurat no har vi difor eit ganske kraftig høgtrykk som dekkar meir eller mindre heile Skandinavia, og eit stykke inn i Russland, forklarar Kolstad.

Dermed har bergensarane og nordhordlendingane ei kald veke i vente, skal vi tru både den europeiske (European Centre for Medium-Range Weather Forecasts, ECMWF) og amerikanske (Global Forecast system, GFS) vårmodellen.

– Begge modellane viser tydeleg éin vêrtype, og det gir oss eit tryggare varsel, som no viser at det vi har fint vêr i vente.

– Kva legg du i fint vêr?

– Frå måndag av ser det ut til å bli både klarere og ein god del kaldare. På Voss for eksempel, ser det ut til å bli -11 på tysdag og -14 på onsdag, då snakkar vi sprengkulde, seier klimaforskaren.

– Det gjeld å ta med godt med klede, legg han til.

Vil spå vêret fleire år fram i tid

Den kalde perioden ser førebels ut til å vara godt ut i mars, fortel Kolstad.

– Er det slik at du allereie no kan si korleis våren og sommaren blir?

– Nei, det er for tidleg. Men det er det vi håpar å få til med dette forskingsprosjektet, at vi kan seia noko om korleis vêrtypane blir fleire veker og av og til månader fram i tid.

Modellane forskarane brukar er sannsynsbaserte, og kan fyrst og framst seia noko om temperatur.

Sola glimtar til

– Eg kan ikkje lova sol heile vinterferien, men det ser ganske så bra ut, fortel meteorolog ved Vêrvarslinga på Vestlandet, Anne Solveig Andersen.

Meteorologen fortel at ein den næraste veka kan venta lite nedbør, men at det vil komma noko søndag og måndag:

– Det vil vera små mengder, og det meste er kvitt, fortel ho.

Elles vil vêret bli ganske likt som det har vore den siste tida, med litt skyer og periodar med sol.

Som klimaforskaren, fortel Andersen at temperaturane går ned utover vinterferieveka.

– Og så ser det ut til å bli ei forholdsvis stabil veke. Snø er det også ein del av rundt omkring, så det blir nok ei ganske fin veke for dei som skal på vinterferie. Men det blir kaldt, så det kan vera greitt å ha med seg ekstra klede, seier Andersen.

Foto:

Artikkeltags