Pass opp: Kan bli kraftige kastevindar på tysdag

Foto:

Meteorologen åtvarar om kraftig vind på tysdag.

DEL

(BA) – Det kjem eit forholdsvis kraftig lågtrykk i løpet av tysdagen. Det gir oss eitt sørleg vindfelt som dreiar på søraust, seier statsmeteorolog Martin Granerød.

Vestlandet får vinden, mens Austlandet får nedbøren.

– Det blir nok vanskelege køyreforhold ved fjellovergangane.

På særleg utsette stader, kan det bli vindkast på 25 til 30 meter per sekund.

– Kva med Bergen?

– Middelvinden vil ikkje vera så kraftig. Men det kan komma vindkast mellom 20 og 25 meter per sekund, åtvarar han.

Vêret vil roa sed ned i løpet av kvelden.

– Det vil komma noko nedbør. Temperaturane vil ligga rundt 2–3 grader.

Her er anbefalingane frå meteorologen:

– Sikre lause gjenstandar. Unngå unødvendig ferdsel på utsette stader. Følg råd og sjekk status frå transportaktørar. Sjekk vegmeldingar

Artikkeltags