No er det berre å finna fram regntøyet

Det blir vått og grått i Bergen de neste dagene. (Arkiv)

Det blir vått og grått i Bergen de neste dagene. (Arkiv) Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

– Den neste veka er det Bergens-antrekket som gjeld.

DEL

(BA) Det seier vakthavande meteorolog ved Vervarslinga på Vestlandet, Mette Skjerdal, til BA søndag ettermiddag.

Det vert vått og grått på Vestlandet, og det kan komma så mykje som 150–200 millimeter nedbør dei neste sju dagane.

Ei våt veke

– Utover måndag og tysdag får vi sørvestleg vind, og lågtrykka står meir eller mindre i kø, seier Skjerdal.

Det blir kort og godt ei våt veke.

– Det kjem nye frontar heile veka, det kan sjå ut som om nedbøren vi ikkje fekk i juli, kjem no, seier ho med eit smil.

Sjølv om det er store lokale forskjellar, kan enkelte stader få så mykje som 50–60 millimeter nedbør frå søndag til måndag kveld. Også tysdag blir det mykje nedbør, 40–50 millimeter. Det kjem litt meir spreidd og i nordlege område i Hordaland.

– Det blir ikkje betre frå tysdag kveld til onsdag kveld, då vil det også komme 50–60 millimeter nedbør, seier meteorologen.

Etter ei fin og varm start på helga, søkk no temperaturane ned til 10–15 grader.

Artikkeltags