Sistemann frå Salhuskvintetten er død

«Vi går om bord» i Store Studio i NRK i 1963. Erik Bye (med mikrofonen) saman med Salhuskvintetten.

«Vi går om bord» i Store Studio i NRK i 1963. Erik Bye (med mikrofonen) saman med Salhuskvintetten. Foto:

Ole Mjelde døydde onsdag, 93 år gammal. Mjelde var siste attlevande frå den legendariske gruppa Salhuskvintetten, skriv Bergensavisen.

DEL

Salhuskvintetten var veldig populære på Vestlandet, og song på klingande dialekt i ein musikalsk drakt som var svært annleis det ungdom stort sett likte å høyre på, men selde plater over heile landet.

– Ole var den siste av ei gruppe som har betydd og framleis betyr så mykje for oss vestlendingar, seier NRK-journalist Bård Ose til Bergensavisen.

Gruppa vart stifta i 1950, men vart ikkje eit landskjent namn før i 1962 då grunnleggjar Monrad Holm Johnsen skreiv tekst til ein folketone frå Hardanger og framførte songen «Singel og Sand» på radio.

Melodien vart raskt populær, og gruppa fekk platekontrakt med Norsk A/S Philips. Det var innspelingssjef Rolv Wesenlund som gav gruppa kontrakten.

Seinare fekk dei stor suksess med melodiar som «Gryta hennar mor» og «Da ska' bli andre boller når papen kjem heim».

I 1973 gav dei seg, etter 21 singlar, fem LP-ar, tallause konsertar og radiospelingar. Den siste framføringa deira var ei gjenforeining i 1986, i Tv-programmet «Syng med oss» på NRK.

Artikkeltags