Oppgradering av oljeraffineriet på Mongstad

Av
Artikkelen er over 4 år gammel
DEL

MeiningarDette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.Oljeraffineriet på Mongstad vart satt i drift i 1975 med store utbyggingar på slutten av 1980-tallet. Det er Norges største råoljeraffineri og det ligg nær oljekjeldene. Dagens prosessutstyr på Mongstad er ikkje tilpassa råolja som er vedtatt lagra på Mongstad, og som vil koma inn frå havet i store mengder i perioden 2019-2050 i ein oljerøyrleidning frå det store oljefeltet Johan Sverdrup. Johan Sverdrup olja skal etter planen no berre lagrast på Mongstad, og deretter eksporteras ut med skip som råolje til andre raffineri i utlandet.

LES OGSÅ: Monica Mæland rører ikkje Johan Sverdrup-nei

Senterpartilaga i Nordhordland ser det som svært viktig at Johan Sverdrup olja vert raffinert på Mongstad, og at raffineriet no vert oppgradert til dette formålet. I ein beredskapssituasjon er det viktig at Norge er sjølvforsynt med drivstoff og me må kunne foredla dette viktige råstoffet her i landet. Det er heller ikkje meir klima- eller miljøvennleg å raffinera denne olja i utlandet.

LES OGSÅ: Rekordoverskot for Statoil Mongstad

Arbeidsløysa er aukande på Vestlandet. Kompetansen og verdiskapinga innan olje og raffinering må takast vare på der olja vert raffinert, ilandført og lagra i dag. Oppgradering av raffineriet vil gi stor sysselsetting i regionen i ein vanskeleg periode for næringslivet her, og denne investeringa vil vera framtidsretta for heile Norge på sikt. Utan investeringar til naudsynt oppgradering no vil oljeraffineriet på Mongstad kunne verta lagt ned om ikkje så lenge. Denne oppgraderinga er viktigare enn utbytte til eigarane.

Utan investeringar til naudsynt oppgradering no vil oljeraffineriet på Mongstad kunne verta lagt ned om ikkje så lenge.

Senterpartilaga i Nordhordland meiner at oppgradering av Mongstadraffineriet må prioriterast no. Me ber om at Regjeringa med det første gjer det som er naudsynt for å få denne viktige oppgraderinga av oljeraffineriet på Mongstad på plass.

LES OGSÅ: Alle på Statoil Mongstad får tilbod om sluttpakke

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags