Vestland fylkeskommune med akutt-tiltak på 22 millionar

Har løyva 22,1 millionar kroner som akutt-tiltak for å dempe konsekvensar frå korona-krisa.

DEL

– Midlane som vi no har vedteke å sette inn, er akutt-tiltak for å hjelpe der det trengst mest, skriv fylkesordførar Jon Askeland i ei pressemelding.

Det var eit samrøysta Vestland fylkesutval som vedteke å bruke 22,1 millionar kroner til å hjelpe næringslivet gjennom korona-krisa.

Tiltaka gjeld for reiseliv og beslekta næringar, leverandørindustrien innan olje og gass, små- og mellomstore bedrifter, bedrifter i startfase og tiltak retta direkte mot bedrifter gjennom avtale med Innovasjon Norge.

Vidare vil og kulturlivet få støtte.

Askeland seier at dei no må jobbe for å få mest mogeleg effekt ut av kvar krone.

– Samstundes som vi legg planar for korleis vi skal jobba på lengre sikt, seier han.

Tiltaka omfattar mellom anna:

  • 4,4 millionar kroner til enkelt bedrifter gjennom Innovasjon Norge
  • Tiltak til reiseliv
  • Støtte til næringshagar og inkubatorar
  • Auka tilskot til etter- og vidareutdanning
  • 11,4 millionar kroner til bedriftsintern opplæring (BIO)
  • 3 millionar kroner til å starte nye bedrifter
  • 9 millionar til forsking og innovasjon
  • Raskare utbetaling av støtte til kulturlivet, både driftsstøtte og til prosjekt

Artikkeltags