– Er det mogleg? Det var eigentlig ein vill og gal idé. Eg tenkte først på både vikingar og historie og alt, men fann ikkje noko som appellerte. Så tenkte eg på korleis det vil det sjå ut når vi slår oss saman, fortel den glade vinnaren på telefon frå Jølster i Sogn og Fjordane.

Jorunn Andreassen seier vidare at ho hadde leika med tanken om å ha ei deleline, men at det blei feil fokus. Etter å ha spurd folk og grubla litt kom forslaget om kartutsnittet.

– Eg synast det var morosamt at fleire forslag var ganske like, berre i andre fargar. Det grøne for meg representerer frodigheita på Vestlandet, i tillegg til at det er ein farge som ikkje er på dei noverandre fylkesvåpna våre, seier ho.

Då avstemminga vart avslutta klokka 12.00 torsdag, var det 6471 personar som hadde stemt på sitt favorittfylkesvåpen. Vinnaren fekk 1632 stemmer, som utgjorde over 25 prosent av stemmene. Forslaget som kom på andre- og tredjeplass fekk 970 og 878 stemmer.

Kulturdirektørane nøgde med engasjementet

– Sjølv om fylkesvåpenet er ei viktig sak, hadde me ikkje våga å håpa på at dette skulle engasjere så mange av innbyggjarane. Både dei innkomne forslaga og avstemminga viser tydeleg kor mange som ser på natur og landskap som vårt viktigaste kjennemerke. Vestland fylke er fjordar, frodige dalføre, ville fjell og kvite brear. Her ligg eit rikt symboltilfang, og møtet mellom land og sjø er eit av dei. Folkefavoritten vert slik eit viktig innspel i den vidare prosessen, seier Per Morten Ekerhovd, konstituert fylkesdirektør for kultur og idrett i Hordaland fylkeskommune.

Heile fylkesvåpenprosessen har skapt eit voldsomt engasjement, med heile 669 innsendte forslag i den opne innsplesprosessen. Også kulturdirektøren i Sogn og Fjordane er nøgd:

– Det er veldig kjekt med det store engasjementet som har vore rundt avstemminga til folkets favoritt. Vinnarforslaget med vår kystlinje som famnar om heile det nye fylket er noko eg tur innbyggjarane i det nye Vestland fylke kan relatere seg til. Det blir spennande å sjå kva som vert det endelege resultatet, seier Ingebjørg Erikstad.

27 000 kroner rikare

Vinnar Jorunn Andreassen hadde heile to våpenskjold i finalen, som begge blei stemt vidare av folkejuryen. Det andre bidraget hennar kom til slutt på niande plass. Andreassen sjølv kan sjå seg 27 000 kroner rikare, 25 000 kr for vinnarbidraget, og 2000 for sitt andre finalebidrag. Alle finalistane får 2000 kroner kvar.

– Det er kjekt med pengepremie, men det er større å ha nådd fram til majoriteten, seier ho.