Vestland fylke søker seks fylkesdirektørar

NYTT FYLKE: Eit av forslaga til fylkesvåpen for Vestland, laga av jølstringen Jorunn Andreassen (53). Dette var best likt av dei atten finalebidraga i ein konkurranse.

NYTT FYLKE: Eit av forslaga til fylkesvåpen for Vestland, laga av jølstringen Jorunn Andreassen (53). Dette var best likt av dei atten finalebidraga i ein konkurranse. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Det er no lyst ut seks stillingar til storfylket, ein i Førde, to i Leikanger og resten i Bergen.

DEL

Om eit drygt år blir Sogn og Fjordane og Hordaland til storfylket Vestland. No lyser dei ut seks stillingar som fylkesdirektørar for ulike samfunnsområde, skriv Firda.

– Dette er nøkkelstillingar i den nye fylkeskommunen, og dei som vert tilsette vil vere ein del av toppleiargruppa som skal vere med på å bygge Vestland fylkeskommune. Dette er ein særs viktig milepæl for den nye fylkeskommunen, og eg er viss på at dette er nokre av dei mest spanande jobbane på Vestlandet på lang tid, seier Rune Haugsdal, som er prosjektleiar for nye Vestland fylkeskommune.

Lyser ut desse stillingane:

• Fylkesdirektør for infrastruktur og veg, lokalisert til Sogn og Fjordane (Leikanger)

• Fylkesdirektør for mobilitet og kollektivtransport, lokalisert til Hordaland (Bergen)

• Fylkesdirektør for kultur, idrett og inkludering, lokalisert til Sogn og Fjordane (Førde)

• Fylkesdirektør for opplæring og kompetanse, lokalisert til Hordaland (Bergen)

• Fylkesdirektør for strategisk utvikling og digitalisering, lokalisert til Sogn og Fjordane (Leikanger)

• Fylkesdirektør for økonomi og organisasjon, lokalisert til Hordaland (Bergen)

Les meir om Vestland fylke:


Artikkeltags