Opnar for nettbasert votering over nytt fylkesvåpen

– Dette er ei milepæl i arbeidet fram mot ei felles identitet i ein samla ny vestlandsregion, seier fylkesordførarane Anne Gine Hestetun i Hordaland og Jenny Følling i Sogn og Fjordane, i ei pressemelding.

DEL

1. januar 2020 er dagen då delar av Nordhordland vil ta del i to regionmessige samanslåingar. Hordaland og Sogn og Fjordane fylkeskommune slåast saman til «Vestland fylke», medan Lindås, Meland og Radøy kommune blir «Alver kommune».

No er både det nye fylket og den nye kommunen i full gong med å finne ut korleis det fylkes- og kommunevåpenet skal sjå ut, og dei ber no om hjelp til å finne den endelege løysinga.

Etablerer folkejury

Hordaland og Sogn og Fjordane fylkeskommune ønsker no søkarar som vil sitje i folkejuryen for å finna nytt fylkesvåpen. Dei fekk inn 640 forslag frå 324 ulike publikumarar som folkejuryen skal vere med på å redusere til ti finalistar.

Dei to fylka ønsker at juryen skal spegle att innbyggjarane i det nye fylket, og satsar dermed på mangfald med tanke på alder, kjønn og at dei kjem frå ulike geografiske område.

Folkejuryen skal saman velje ut sine ti favorittar som blir slått saman med fagjuryen sine ti. Dermed går dei 20 bidraga vidare til ei nettrøysting alle kan delta i, i slutten av august. Dei 20 finalistane tek imot alle 2000 kroner kvar, medan «folkefavoritten» som får flest stemmer får heile 25.000 kroner.

Forslaga går så vidare til minst tre designbyrå. Dei står fritt til å bruke forslaga som inspirasjon eller teikne eit nytt forslag ut frå tema gitt av ein fagkomité.

Fristen for å søkje om å få delta i folkejuryen er sett til 9. juli, og i desember skal dei to fylkestinga saman avgjere kva for eit nytt våpen Vestland fylke skal prydast med.

Kommunen ønsker profesjonell hjelp

Nye Alver kommune har i byrjinga av prosessen vore klar på at det ikkje ligg føre nokon konkurranse mellom dei over 270 innsende forslaga som no har blitt to tema som skal utarbeidast vidare. Politikarane i dei tre kommunane Lindås, Meland og Radøy inviterer no til å delta i ein endeleg designkonkurranse som byggjer på motiva bru og robåt.

Fleire retningslinjer er gitt av dei tre kommunane som fortel om korleis rammene til det nye våpenet skal vere. Blant anna seier desse at ein ikkje ønsker bruer som liknar ein spesifikk bru ettersom det berre er gjeldande for ein kommune, i tillegg til at ein ikkje ønsker ein repetisjon av same motiv slik ein har sett fleire forslag av under innspelsfasen tidlegare i år.

Eitt av forslaga som vart sendt inn til Alver kommune bestod av dei same fargane som i dagens Lindås-våpen, men med tre robåtar som symboliserer dei tre kommunane som no blir til ein.

Eitt av forslaga som vart sendt inn til Alver kommune bestod av dei same fargane som i dagens Lindås-våpen, men med tre robåtar som symboliserer dei tre kommunane som no blir til ein.

I tillegg er det sett eit kvalifikasjonskrav for å kunne delta i konkurransen. Ein må ha dokumentert kompetanse og erfaring innan grafisk og/eller kunstfagleg arbeid, og ha registrert firma innan relevant arbeid.

Juryen som skal vurdere dette arbeidet består av medlemmene i den politiske prosjektgruppa som leiar prosjektet for identitet, symbol og felles kultur. I tillegg får dei profesjonell rettleiing frå fagpersonar innan grafisk design og heraldikk.

Vinnar av denne konkurransen får tildelt 50.000 kroner, medan dei ni andre finalistane som blir vald ut får 10.000 kroner kvar.

Artikkeltags