Vestland fylke får 106 millionar for å få fleire tilbake i jobb

Fylka får 906 millionar kroner for å få elevar og lærlingar til å fullføre vidaregåande skule.

DEL

FIRDA: – Covid-19-pandemien har kasta mange ut i arbeidsløyse og permitteringar. No får fylka 906 millionar kroner for å få elevar og lærlingar til å fullføre vidaregåande opplæring og auke kompetansen til permitterte arbeidstakarar, seier statssekretær Grunde Kreken Almeland i kunnskapsdepartementet i ei pressemelding.

Pengane vert fordelt mellom fylka og dei forskjellige tiltaka. Fleire av tiltaka er retta mot lærlingar.

Vestland får nest mest

– Flest mogleg må fullføre utdanninga si slik at dei står betre rusta i tida framover. Spesielt viktig er det at vi satsar på lærlingane, der nesten 1500 av dei framleis er permitterte. Dette er kompetanse vi må ta vare på og som vi trenger i framtida, seier Almeland.

Midla er ein del av dei 1,6 milliardar kronene regjeringa brukar på skule, utdanning og forsking over Kunnskapsdepartementets budsjett i forbindelse med koronasituasjonen.

105,9 millionar av desse midlane går til Vestland fylke. Det einaste fylket i landet som får meir er Viken som får 201,2 millionar kroner.

Over 55 millionar kroner går til studieplassar ved fagskulane og 46 millionar kroner går til at fleire kan få tatt fagbrev på jobb.

Artikkeltags