Variert vêr på Vestlandet i helga

STOR VARIASJON: Vestlandet vil få stor vêrvariasjon til helga og i neste veke. Heldigvis vil dei nordre delane få fint vêr, og meteorologen melder at desse områdene får siste del av sommaren.

STOR VARIASJON: Vestlandet vil få stor vêrvariasjon til helga og i neste veke. Heldigvis vil dei nordre delane få fint vêr, og meteorologen melder at desse områdene får siste del av sommaren. Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

VÊR: På Vestlandet kan det bli pent vêr og opphald, men også mykje vind og regn til helga. For vår del ventar siste del av sommaren.

DEL

Det er i hovudsak nordre del av Vestlandet, Trøndelag og Nord-Norge som får det beste vêret både til helga og vidare neste veke. Her kjem den siste resten av sommaren.

Men i dei sørlegaste delane kan det ventast både regn og kraftig vind. Eit lågtrykk i Nordsjøen sender eit kraftig nedbørsfelt inn over sørlege delar av Sør-Noreg.

– Sørlandet og sørlege delar av Vestlandet, som Rogaland og delar av Hordaland, vil få mykje av det same vêret som på Austlandet, noko som betyr kraftig regn med ein god del byer, seier statsmeteorolog Geir Olav Fagerlid ved Meteorologisk institutt til NTB.

Vind

På fredag kan Agder-fylka, Rogaland og Hordaland få kraftig vind opp mot 25 meter i sekundet. Over helga kjem også haustvêret sigande med lågare temperaturar.

For nordre del av Vestlandet og Trøndelag er situasjonen ein annan med sol og opphaldsvêr.

– Det er venta litt nedbør og frålandsvind, men for det meste tørt og fint. Det blir temperaturar som kan komme opp mot og over 20 grader, definitivt ein siste smak av sommar, seier Fagerlid.

Kraftig nedbør på Austlandet

Det dårlegaste vêret er det nok Austlandet som må innstille seg på. Det kjem ein god del nedbør både fredag og laurdag, saman med torevêr og lyn, hovudsakleg austafjells.

– Særleg på delar av Austlandet kan det komme så mykje som 25 millimeter nedbør i timen. Lokalt kan det komme endå meir intens nedbør, mellom 30 og 50 millimeter, opplyser statsmeteorologen.

Meteorologisk institutt har difor sendt ut eit farevarsel om styrtregn på gult nivå fredag og laurdag. Den intense nedbøren varer likevel i såpass kort tid at det ikkje er meldt om nokon flaumfare.

Best i nord 

Vêrvinnaren er definitivt Nord-Noreg, som får eit kjærkome finvêr med tørre forhold og ganske høge temperaturar til å vere nordpå på denne tida av året.

– Det vil bli bra temperaturar på mellom 15 og 16 grader på det meste, lokalt opp mot 20 grader. Dette vêret fortset også etter helga. Faktisk blir det betre vêr og høge temperaturar utover neste veke for alle dei nordlegaste fylka, seier Fagerlid.

Lokalt kan det likevel vere noko morgentåke i dei nordlegaste fylka.

Artikkeltags