Her kjem dårlege nyheiter

KALDT OG BLAUTT: Vestlandet har ei kald og blaut veke i vente.

KALDT OG BLAUTT: Vestlandet har ei kald og blaut veke i vente. Foto:

I dag bør du nyte sola og varmen, for no snur vêret.

DEL

(Firda) – På dagtid i dag kjem det gode vêret til å halde fram som dei siste dagane. Men når vi nærmar oss kveld vil det bli eit vêrskifte, seier vakthavande meteorolog, Gunnar Livik.

Utover ettermiddagen er sjansen for regnbyer stor.

– Men det ser ut som regnet vil spakne litt utover kvelden i kveld, seier Livik.

Meteorologen fortel at det vil vere eit vêrskifte over heile vestlandet frå og med i morgon.

– Eit lågtrykk i den nordlege Nordsjøen kjem til å dra med seg lågare temperaturar og regn.

Vêrskifte

– Når vi kjem over til onsdagen vil det kome ustabile luftmassar over sør-Norge som trekk med seg nedbør, seier Livik.

Han fortel at den verste nedbøren kjem til å kome onsdag.

– Midt på dagen i morgon vil det kome mest nedbør. Det ser ut som det kjem til å spakne noko utpå kvelden og på natta.

Etter onsdag, fortel meteorologen at nedbøren kjem til å vere av og på.

– Det er ein del frontaktivitet rundt lågtrykket i Nordsjøen. Dette gir regnbyer og pålandsvind i alle fall ut helga, seier han.

Temperaturen søkk

I tillegg til mykje regn, vil også temperaturen falle dei kommande dagane.

I dag vil det vere over 20 grader, kanskje så mykje som opp mot 23 grader enkelte plassar. I morgon går det nedover mot 17–18 grader, og på torsdag og fredag ser vi temperaturar på rundt 14 grader på heile Vestlandet.

– Summert opp vert det gradvis kaldare mot helga, og skiftande vêr ut resten av denne veka, seier Livik.

– Så du vil oppfordre folk til å nyte vêret i dag?

– Ja, det vil eg. Ved første augnekast ser det ikkje ut som det vil bli tilsvarande milde og tørre periodar som vi har hatt no på ei god stund, seier han.

Artikkeltags