Gå til sidens hovedinnhold

No er det berre å finne fram solbrillene

Artikkelen er over 4 år gammel

Det blir så og sei skyfritt over Hordaland dei neste dagane.

– Eit kraftig høgtrykk over det sørlege Finland fører til solfylte forhold i Norge. Dei neste dagane vil det komme mykje sol, seier statsmeteorolog i Vervarslinga Vestlandet, Gunnar Livik.

Kaldt men fint

Høgtrykket skuldast kald luft som møter varm luft over Barentshavet.

Men det blir ikkje sommartemperaturar av den grunn.

– Det er faktisk litt kjøligare enn før, og temperaturen er ikkje uvanleg for februar månad. Natt til onsdag og natt til torsdag vil bli kalde. Til helga og neste veke blir det mildare, seier Livik.

Sol i ei veke

Så til spørsmålet: Kor lenge vil sola vare?

– Det ser lovande ut. Dei siste prognosane viser at sola vil skinne til neste torsdag. Då vil det bli regn, seier meteorologen.

 

Kommentarer til denne saken