Regnrekorden kan bli slått i dag

Vestlandet lever opp til sitt vêrharde rykte i desse dagar.

Vestlandet lever opp til sitt vêrharde rykte i desse dagar. Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

Vestlandet lever opp til sitt vêrharde rykte. I Bergen kan regnrekorden bli slått laurdag, og samtlege plassar i Nordhordland ser ut til å ha fleire våte dagar i vente.

DEL

BA: Årets sommar var prega av at den eine rekorden etter den andre stod for fall. Faktisk fekk vi rekord i tal nye rekordar. No er det hausten sin tur.

Den noverande september-rekorden frå 1986 vart målt til 477,8 millimeter. Fredag morgon dryppa det inn meir nedbør på målestasjonen på Florida i Bergen.

– No er vi komen opp i 454,9 millimeter. Då manglar vi berre 22,9 millimeter, seier meteorolog Gunnar Livik ved Meteorologisk institutt til BA.

Siste frist søndag morgon

Dei siste millimeterane må vere falt innan søndag morgon klokka 08.00. For etter internasjonal standard målast vêrdøgnet frå klokka 08.00. Dermed blir all nedbør som kjem etter dette tidspunktet på søndag registrert som oktobernedbør.

– Klarar vi ny rekord?

– Ja, prognosane viser at det vil falle 30–40 millimeter fram til søndag morgon. Om føremiddagen og på laurdag kveld kjem det mest nedbør, så går det over til bygevêr. Ny rekord avheng litt av kor sterke desse byene er, så vi får sjå i løpet av kvelden, seier Livik.

Han er altså ikkje heilt sikker på om ein ny rekord er innan rekkevidd.

– Vi kan ikkje utelukke at frontsystemet kan passere oss. Det er skummelt å forskottere noko når det står rekordar på spel.

Saka held fram under boksen.

Skrekkhausten 1975

Sjølv om den 32 år gamle rekorden skulle knusast, er det likevel langt igjen til ein annan september-rekord.

– Rekorden frå 1986 er den som vart målt på Florida målestasjon. Men fram til 1983 vart målingane gjort på Fredriksberg målestasjon på Nordnes. Den har ein heilt annan og langt høgare rekord frå september 1975 på heile 630,3. Det må ha vore ein forferdeleg september det året, meiner Livik.

Over helgen roar regntrykket seg ned, og det kjem inn ein kortvarig høgtrykksrygg som passerer Sør-Noreg. Det kan derimot føre til nye problem, særleg for folk i distrikta.

– Det kjem inn kjøligare luft søndag kveld, og dersom bakken framleis er fuktig måndag morgon, kan det fryse til og bli svært glatt på vegane. Det må folk ha i bakhovudet når dei skal ut og køyre til jobb om morgonen.

Mykje nedbør i Nordhordland

Laurdag er det venta mellom 20 og 40 millimeter nedbør fleire stader i Nordhordland, medan søndag ser mildare ut. Grunna den store venta nedbørsmengda er det er sendt ut jordskredfare med gult varselsnivå. Temperaturen vil begge dagar halde seg på om lag ti grader celsius.

Artikkeltags