No kjem regnet: Kjem til å vaska vekk snøen

Snøen som har lagt seg i Nordhordland går ei særdeles usikker framtid i møte.

DEL

Denne veka har det lagt seg eit kvitt teppe over Bergen og Nordhordland.

Det skal ikkje vara. Allereia i løpet av ettermiddagen er det venta regn.

– Ja, det er venta nokre regnbyer allereie i dag. Dessverre, seier statsmeteorolog Arnestein Tjøstheim og utdjupar:

– Det er i kvart fall ikkje kjekt for barn som likar snø og aking, seier han.

Regnet set inn for alvor i kveld i og i natt. Det kan komma rundt 15 millimeter på relativt kort tid.

– Forsvinn snøen då?

– Ja, mykje tydar på det, seier han.

Torsdag og fredag blir det nordavind og det kan bli enkelte snø og sluddbyer.

– I helga ser det ut til at det blir litt lettare vær.

Artikkeltags