Britisk lavtrykk på vei: – Vi har sendt ut gult farevarsel for Hordaland

– Vêret er ikkje mykje å skryte av dei kommande dagane. Eit ustabilt lågtrykk frå De britiske øyer er på veg innover og det vil bli fare for store nedbørsmengder, lyn og tore, seier vakthavande meteorolog Kristin Seter ved Meteorologisk institutt.

– Vêret er ikkje mykje å skryte av dei kommande dagane. Eit ustabilt lågtrykk frå De britiske øyer er på veg innover og det vil bli fare for store nedbørsmengder, lyn og tore, seier vakthavande meteorolog Kristin Seter ved Meteorologisk institutt. Foto:

Eit lågtrykk frå dei britiske øyer er no på veg mot Norge. Meteorologen har sendt ut gult farevarsel for Hordaland.

DEL

BA: Gult varsel har meteorologen for så vidt sendt ut for hele Sør-, Øst og Vest-Norge. I Møre og Romsdal og Trøndelag er fargen oransje, med fare for lokale skred og overfløymingar.

– Vêret er ikkje mykje å skryte av dei kommande dagane. Eit ustabilt lågtrykk frå De britiske øyer er på veg innover og det vil bli fare for store nedbørsmengder, lyn og tore, seier vakthavande meteorolog Kristin Seter ved Meteorologisk institutt.

Det var spesielt tysdag kveld at regnet skal vere på sitt verste. Rundt midnatt vil nedbørsmengda mest sannsynleg dabbe av sjølv om det vil fortsette å regne.

Blir vanskeleg å kle seg rett

Meteorologen har sendt ut et gult farevarsel for Hordaland. Grunnen er at dei har plukka opp store nedbørsmengder på fleire uoffisielle målestasjonar.

– Vi har jo sett at det er lokal nedbør på over 15 mm i timen mange stader i Hordaland, ved hjelp av å sjå på privatpersonars eigne målestasjonar. Det er ikkje noko vi plar å lene oss på åleine, men når vi ser så mange vise det same, blir vi meir sikre på at det er reelt, seier Seter.

Lågtrykket vil i tillegg by på mykje skiftande vær. Det vil truleg bli vanskeleg for bergensarane å kle seg riktig dei neste dagane.

– Lågtrykket drar med seg varm luft, så temperaturen kjem til å halde seg. Ved opphald vil det vere fuktig og varmt.

Fortset å regne

Meteorologen estimerer det skiftande vêret til å gi seg torsdag denne veka. Då vil vêret bli meir stabilt, men ikkje nødvendigvis betre.

– Det britiske lågtrykket vil bli erstatta av et nytt på laurdag. Det vil bli nedbør, men nedbøren vil bli meir føreseieleg med mindre mengder per time og lågare sannsyn for lyn og tore, seier Seter.

Artikkeltags