Pollensesongen startar to veker tidlegare enn vanleg

Årets pollensesong kan verta den verste på fleire år. Alt i februar kjem dei fyrste pollenvarslene.

Årets pollensesong kan verta den verste på fleire år. Alt i februar kjem dei fyrste pollenvarslene. Foto:

Av

Fjorårets rekordvarme sommar sørgjer for ein tung sesong for pollenallergikarar. Samtidig ligg pollensesongen to veker føre skjema.

DEL

Framskyvinga kjem av dei milde temperaturane i vinter. Vanlegvis startar pollensesongen først i byrjinga av mars, fortel NRK.

Sesongen kan samtidig bli den verste på fleire år grunna ekstremvarmen i fjor sommar. Varmen har sørgt for at bjørk, or og hassel har samla opp store mengder blomsterstøv.

Allereie denne veka vil fleire kjenne teikn på allergi. Hassel blomstrar først.

– Vinteren avgjer når sesongen startar, men pollenmengda vart avgjord allereie i fjor sommar. Bjørk, hassel og or-sesongen kjem til å bli dei vanskelegaste på lang tid for dei som er allergiske, seier forskar Åslög Dahl ved institutt for biologi og miljøvitskap ved Universitetet i Göteborg til Sveriges Radio.

Pollenvarslinga sender ut årets første varsel denne veka.

Artikkeltags