Ventar avklaring om heving av fregatten

    Det er framleis usikkerheit rundt vêret onsdag som gjer at avgjerda vert utsett til måndag kveld.

    DEL

    (BA) Forsvaret opplyser i ei pressemelding måndag morgon at det per no er lite vind, men lange dønningar rundt fregatten KNM «Helge Ingstad».

    Dei vil likevel venta med ei avgjerd på om hevingsoperasjonen kan gjennomførast, fordi vêrmeldinga for onsdag antydar dønningar.

    Kranlekterane «Gulliver» og «Rambiz» blei fortøydd ved havaristaden søndag. Desse to skal løfta fregatten samtidig, og må løfta synkront.

    Forsvaret opplyser at ein ROV skal ta ei siste inspeksjon av fortøyingar og oppkoplingar før ei endeleg avgjerd blir tatt. Dette skjer etter all sannsyn måndag kveld.

    Forsvaret treng  5–6 dagar med stabile og rolege forhold på rad for å kunne heve fregatten.

    Forsvaret varslar rettslege skritt om «Helge Ingstad» 

    Artikkeltags