Gå til sidens hovedinnhold

Uvêret stoppar Leirvåg - Sløvågferja

Artikkelen er over 2 år gammel

Vegtrafikksentralen melder på Twitter at ferja over Fensfjorden vert innstilt frå klokka 18.45, onsdag, grunna dårleg vêr.

Meteorologisk institutt melder at det onsdag kveld og natt til torsdag er venta kraftige vindkast, og sender difor ut gult farevarsel.

– Det vil vera liten og periodevis full storm. Det vil seia at det vil vera mellom 22 og 25 meter per sekund, men enkelte vindkast kan komme opp mot 35 meter per sekund, forklarar meteorolog Steinar Skare ved Vervarslinga på Vestlandet til BA.

Gult farevarsel er det som vert brukt om ein moderat farleg situasjon, og kan skape skader lokalt, straumbrot kan forekomme, forseinkingar i trafikken og det kan vera farleg å vera i fjellet.

Kommentarer til denne saken