Vind og vatn dei neste dagane

Slik ser yr.no for seg at me vil få det dei neste par dagane.

Slik ser yr.no for seg at me vil få det dei neste par dagane. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Snøgrensa kryp oppover.

DEL

Kuling tysdag, opp i liten storm onsdag kveld. Det er kva bergensarar og strilar i «utsette strøk» kan venta seg av vêr dei neste par dagane.

– Og i fjellet kryp snøgrensa oppover, forklarar meteorolog Steinar Skare ved Vêrvarslinga på Vestlandet.

Neste solgløtt laurdag

Den neste vesle luka med sol, kjem neppe før laurdag morgon. Det er generelt ein del vind og vatn i vente dei neste par dagane.

– Prognosane våre seier sør-søraust stiv til sterk kuling i dag, og dreiing til sørvest liten kuling i kveld. Dette gjeld utsette strøk, seier Skare.

– Det vil bli regn og yr, i kveld blir det byger. Og temperaturen aukar, så snøgrensa kryp oppover. Vi må nok opp i 5–600 meter før nedbøren blir kvit i dag og i kveld, seier han.

Temperaturen på Kvamskogen var 0,6 plussgrader då BA snakka med vêrvarslinga tysdag formiddag.

– Og den vil nok berre stiga dei neste dagane, så i lågare strøk vil det fine skiføret bli dårlegare no, seier Skare.

Liten storm onsdag kveld

Generelt skal det komma ein del regn dei neste dagane, utan at det er snakk om ekstreme mengder. Men det vil bli ein del vind, oppi liten storm frå sørvest onsdag kveld.

– Det kan også komma tore, så det er nok mange som no føler at overgangen frå det fine vêret vi hadde i helga har vore brå. Men dette er jo faktisk slik vinteren på Vestlandet ofte er, påpeikar Skare.

Betydeleg snøskredfare

Med store snømengder på plass i fjellet, og nå regn og vind, kan det bli snøskredfare. Varsom.no angir tysdag formiddag «betydeleg fare» både på Kvamskogen og på Voss, noko som er midt på skalaen.

Fredag kan snøen igjen krypa nedover fjellsidene, og det er meldt rundt null grader i Bergen natt til laurdag.

Laurdag føremiddag er det meldt fint vær, før ein igjen får aukande vind og temperaturar laurdag ettermiddag.

Artikkeltags