Endeleg blir det bålvêr på sankthans

Illustrasjonsfoto

Illustrasjonsfoto Foto:

Feiringa blir ofte spolert av elendig vêr. Men ikkje i år!

DEL

Dei siste 35 åra har ikkje sankthansaftan vore noko å skryte av. Heile 22 gonger har det regna når fortvilte foreldre har tent fyrstikk etter fyrstikk for å få fyr på det ?!"¤% bålet.

Plaskregn og kaldt

Aller verst var det i 1990 då det kom 30,5 millimeter nedbør og middel vindstyrke var på 11,3 meter per sekund. Heller ikkje middeltemperaturen minna mykje om midtsommar, då den låg på 12,8 grader.

Det kaldaste året var 1984, der bergensarane måtte hutre seg gjennom ein iskald sommardag med 9,9 i middeltemperatur. I tillegg var det 7,8 millimeter nedbør. Ein typisk sommardag i Bergen, med andre ord.

Men i år ser det langt betre ut, skal vi tro prognosane frå Meteorologisk institutt.

– Inn mot helga vert det ganske vått, med lågare temperaturar og nedbør på opptil 20 millimeter. Særleg fredagen blir ganske regnfull og kjølig. Men laurdag og søndag blir det vesentleg betre. Etter litt regn først på dagen, vil det lette opp utover laurdagen. Søndagen blir det opphald og temperaturar opp mot 19 grader, seier meteorolog Magny Svanevik.

Grill- og bålvêr

Det er berre å la sjøstøvlane og regntøyet ligge heime.

– Eg kan ikkje love solskinn, men det ser ut til at det blir både grill- og bålvêr, føyer Svanevik til.

– Kor sikker er denne prognosen?

– For fredag og laurdag er den relativt sikker, men søndag er litt meir uvisst. Akkurat no ser det iallfall ut til at det lettar opp utover laurdag og søndag.

33 år sidan

Den siste tida har sommarvêret vore vekslande i Bergen og det er berre bra på sankthans, meiner Svanevik.

– Det betyr at det er fukt i bakken og det blir neppe sendt ut noko varsel om skogbrannfare. Å fyre opp bål er ikkje farleg på søndag.

Den beste sankthansfeiringa dei siste 35 årene var utvilsamt i 1986, då gradestokken kraup opp til 22,9 og byen bada i sol. Men det er altså 33 år sidan ...

Artikkeltags