Finn fram solkrem: – Påskevêret ser ut til å bli perfekt!

– Er vi heldige vert det perfekt vêr heile påska, seier Lars Andreas Selberg i Meteorologisk instituttpåska. Arkivfoto: Morten Sæle

– Er vi heldige vert det perfekt vêr heile påska, seier Lars Andreas Selberg i Meteorologisk instituttpåska. Arkivfoto: Morten Sæle

– Høgtrykk vil dominera store deler av påska, så det blir rett og slett veldig bra vêr!

DEL

Det seier Lars Andreas Selberg i Meteorologisk institutt til Avisa Nordhordland.

– Er vi heldige vert det perfekt vêr heile påska, legg meteorologen til.

Dei første nettene, fram til måndag, blir kalde.

– Temperaturen vil nok søkke ned til eit par minusgrader, så viss ein skal ut å køyre tidleg på morgonen bør ein passa seg for glatte vegar.

Temperaturen vil auke

Fram til måndag melder meteorologen sol frå skyfri himmel og dermed ein knallstart på påska.

– Det ser ut til å verta opp mot ti grader, og rolege vindforhold.

Frå måndag er prognosane noko meir usikre, men for dei som seier seg nøgd med behagelege temperaturar og dagar utan nedbør, er nyheitene meir enn gode nok:

– Temperaturane vil truleg auke gradvis utover veka, mot påskeaftan og første påskeaftan. Det vil skye meir til, men eg trur det vil halda seg tørt.

Slik det ser ut no vil det verta eit vêrskifte rett etter ferien. Med andre ord har vi skikkeleg flaks med vêret denne påska.

– Ein bør nyte dei nærmaste dagane, for då vert det garantert veldig fint – så no er det berre å finna fram solkremen. Sola byrjar å verta sterk, så ein kan bli brent om ein ikkje passar på, påpeiker meteorologen.

Fare for brann

Selberg oppmodar til å vere forsiktig i naturen, spesielt om ein har tenkt å brenna bål.

– Yr har sendt ut gult farevarsel for lyng- og grasbrannfare, noko som betyr at det er mykje tørt og daudt gras, samt lyng frå i fjor som lett kan ta fyr.

– Faren vil ikkje minke dei neste dagane, den vil truleg auke, legg han til.

Når de gjeld snøskredfare er nivået på det lågaste.

– I fjellområda er det låg fare, men det betyr sjølvsagt ikkje at det er umogleg at det kan skje; ein bør likevel vere forsiktig og ta atterhald, sluttar Selberg.



Artikkeltags