2019 startar med eit brak: – Det blir full storm på kysten

– Det er ikkje noko fisle-lågtrykk som kjem. Det blir kraftig vind over ein lang periode.

– Det er ikkje noko fisle-lågtrykk som kjem. Det blir kraftig vind over ein lang periode. Foto:

– Det er ikkje noko fisle-lågtrykk som kjem. Det blir kraftig vind over ein lang periode.

DEL

(BA) Det seier statsmeteorolog Geir Ottar Fagerlid ved Vervarslinga på Vestlandet til BA søndag kveld.

Dei siste prognosane for nyttårsvêret er om mogleg enda dårlegare nytt enn dei som kom for eit døgn sidan.

– Det blir mykje nedbør på dagtid, mest i indre strok, og vi har sendt ut farevarsel. Vi har og sendt ut farevarsel for vind for første nyttårsdag, seier Fagerlid.

Full storm på kysten

I Bergen sentrum er det meldt nordvestleg frisk bris rundt midnatt, mens det samtidig vil bli stiv til sterk kuling frå vest på kysten.

– Men berre et par timar ut i det nye året vil vinden auka til stiv til sterk kuling i Bergen sentrum og opp til nordvest full storm på kysten, seier Fagerlid.

Også utover første nyttårsdag vil det bli mykje vind. Meteorologen åtvarar dei som har tenkt seg over fjellovergangane mellom aust og vest på 2019s første dag.

– Det vil blåsa kraftig på tysdag, det er absolutt ein dag å halda seg inne på. Skal du reisa langt, må du rekna med problem i fjellet. Tidleg på nyttårsaftan er den beste tida for å ta seg over fjellet, rådar meteorologen.

Følgjer vêret tett

Per søndag kveld har Bergen brannvesen ikkje kalla inn ekstra mannskap til vakt på nyttårsaftan.

– Men vi har maks bemanning, og ekstra mannskap som står klare ved behov. Vi følgjer vêrsituasjonen tett, og kryssar fingrane for at folk er forsiktige med fyrverkerioppskytinga, seier vaktkommandør ved 110-sentralen, Karl Arne Røyseth.

Pyroteknikar Lasse Store i Engelsrud fyrverkeri har ansvar for oppskytinga av det kommunale fyrverkeriet i Bergen nyttårsaftan.

Han var opptatt søndag kveld, men sa i ein kjapp kommentar at dei følgjer vêr og vind tett.

Flytta oppskytinga

På Askøy skal det skytast opp fyrverkeri frå Kleppestø kai i regi av Askøy kommune og lokalt næringsliv. Kvelden før nyttårsaftan blei planane forandra på grunn av vêrmeldingane.

– Vi har flytta oppskytinga til ein annan posisjon på kaien, som er litt lenger unna bebyggelsen på stranda, seier Andreas Greffel i Unique Pyrotechnic som leverer krutet.

Han fortel at de har tett dialog med brannvesenet, politiet og kommunen.

– Dersom ikkje det skjer ekstreme endringar i prognosane, så skyt vi opp som planlagt, fortel han.

Artikkeltags