Gå til sidens hovedinnhold

Veit ikkje kva det vil seie for vaksineringa vidare

Alver kommune har beslutta å gjere som mange andre kommunar i Noreg - å setje vaksinering med AstraZeneca-vaksina på pause.

Dette etter bekymringar opphavleg frå Danmark, der ein mistenkte at der var samanheng mellom tilfelle av blodpropp og vaksina.

Det er ikkje funne nokon link mellom desse komponentane, men fleire kommunar vel å stanse bruken inntil FHI og Legemiddelverket har kome med eit utsegn.

Alver melder at dei på noverande tidspunkt ikkje veit kva dette vil seie for vidare vaksinering.

Kommunikasjonsansvarleg i Alver, Silje Hoaas, melder også at kommunen nyttar seg mest av BioNTech og Pfizer-vaksinene.

Kommentarer til denne saken