Vegvesenet utset fristen for EU-kontroll for 187.000 køyretøy

Det melder Statens vegvesen søndag ettermiddag.

DEL

No utset vegvesenet fristen for EU-kontroll, med bakgrunn i ønsket om å minimere ulempene for dei som er i karantene.

Om du har frist for å godkjent EU-kontroll i perioden 13. mars til 30. april, vil du ha to månaders utsett frist. Dette gjeld også dersom bilen blir selt i denne perioden.

- Vi er klar over at fleire er i karantene og bør halde seg heime. For å gjere dette så enkelt som mgoleg for bileigarar der ute, seier direktør Bodil Rønning Dreyer i Statens vegvesen.

Har du allereie hatt bilen inne til kontroll og fått ein såkalla 3-feil, vil du ikkje få ny frist. Dette fordi bilen då reknast som hefta med trafikkfarlege feil.

Vegvesenet melder at det er 187.000 køyretøy som har godkjenningsfrist i denne perioden.

- Vi risikerer at det kan bli ei opphopning og eit press på dei som skal godkjenne bilane om alle ventar. Så om du har moglegheit til å få bilen din godkjent i vekene framover med dei forholdsreglane helsemyndigheitene har gitt, er oppfordringa at du gjer det, seier Dreyer i ei pressemelding.

Du kan sjekke fristen for når bilen din må vere godkjent i EU-kontroll her.

Bilar som har bruksforbad som følge av overgått frist, vil ikkje miste skilta i ein eventuell kontroll langs vegen så lenge helsemyndigheitene sine strenge tilrådningar om karantene gjeld.

Hugs at du uansett alltid har plikt til å vurdere om køyretøyet er forsvarleg å kjøyre.

Artikkeltags