– Dette betyr noko ekstra for meg, fordi hjartet mitt er i Nordhordland. Då meiner eg både i avisa og i regionen, seier Vegard Flatøy.
Tysdag fekk dei tilsette i avisa informasjonen dei har venta på; det vert 36-åringen frå Flatøy som tek over jobben som dagleg leiar og ansvarleg redaktør i avisa.
Han startar i jobben 10. februar.
På farten
– Det har vore inspirerande å jobbe med ein redaktør som Sølve Rydland. Saman med resten av redaksjonen har han løfta NH til ei avis som er relevant for folk i Nordhordland og Gulen. Samstundes som vi fremjar lokal kultur og identitet. Alt ligg til rette for å utvikle avisa vidare, seier Flatøy, før han set seg i bilen for ein reportasjetur til Seim.
I starten av november vart det offentleggjort at noverande redaktør Sølve Rydland hadde fått ny jobb som politisk redaktør i Bergensavisen. Rydland har vore redaktør i NH sidan august 2021.
– Vil løfte avisa vidare
– Med den varierte bakgrunnen, den solide forståinga og engasjementet for journalistikken og lokalavisa si rolle i lokalsamfunnet, har eg stor tru på at han vil bli ein god leiar for avisa, seier Svein Atle Huus, som er styreleiar i Avisa Nordhordland AS.
Han har stor tru på framtida til avisa med Flatøy som redaktør.
– Saman med den talentfulle og kompetente redaksjonen i avisa, vil han kunne løfte avisa vidare og styrke posisjonen vår i regionen, seier Huus.
Vegard Flatøy bur i Knarvik, men er fødd og oppvaksen på Flatøy. Han har jobba som journalist i avisa sidan august 2020.
Bakgrunn som kulturgründer
Han har utdanning innan merkevarekommunikasjon og samfunnsgeografi og har yrkeserfaring frå journalistikk, undervisning og har jobba med kommunikasjon – mellom anna i Festspillene i Bergen.
Flatøy har òg markert seg som ein gründer innan kulturlivet, og er mannen bak den lokale festivalen Flatøy Rock.
Under pandemien arrangerte han den digitale musikkfestivalen Lockdown Festival på Malta. For arbeidet med festivalen tok imot han EU-parlamentet sin pris «European Citizen's Award».
– Eit brennande og bankande hjarte
Sølve Rydland, som overlèt redaktørstolen til Flatøy 10. februar, er glad for at styret har tilsett ein lokal redaktør som kjenner Nordhordland og Gulen godt.
– Han har det engasjementet som skal til for at avisa i endå større grad skal få ut potensialet sitt, og vera ei drivkraft som dagleg tek pulsen på livet i distriktet. Vegard har ikkje berre lokalkunnskap, han har eit brennande og bankande hjarte for dekningsområdet til avisa. Han er ei kreativ sjel, som har vist at han har stor skaparkraft, seier Rydland.
Leiar for NJ-klubben i avisa, Synne Grimen Hammervoll er godt nøgd med valet av ny redaktør.
– Eg har stor tru på at den nye redaktøren vil halda fram det gode arbeidet som me er i gang med, og at me skal halda fram med å laga den beste avisa i regionen. Me er ein redaksjon som har jobba godt i lag, og Vegard er ein veldig dyktig journalist som har eit godt blikk på det som skjer i området. Elles er eg er trygg på at han òg vil gjera ein god jobb som leiar i avisa, seier klubbleiaren.
– Må vera relevante for folk i kvardagen
Vegard Flatøy har ambisjonar om at avisa framleis skal ha ei tydeleg stemme, og vera den viktigaste meiningsaktøren i Nordhordland og Gulen.
– Særleg det siste halvanna året har avisa vorte ei tydeleg stemme i regionen og snakka innbyggarane si sak. Det er noko me må ta vidare, seier den påtroppande redaktøren.
– Korleis vil lesarane merka at du tek over som redaktør?
– Eg ønskjer at avisa skal vera endå meir til stades i lokalsamfunnet og ha ein naturleg plass i liva til folk i distriktet. Avisa kan vera ein aktør når det kjem til arrangement og på dagleg basis vera ute der folk lever liva sine.
– Det er tøffe tider i mediebransjen. Kva må Nordhordland gjera for å nå opp i konkurransen om tida til folk?
– Uavhengig av konjunkturar har Nordhordland eit stort potensial som lokalavis, noko me har vist over tid. Me konkurrerer ikkje berre med andre aviser, men òg med internasjonale aktørar som HBO og Netflix. Då må me vera nære og visa at det er me som er mest relevante for folk i kvardagen, seier Flatøy.