Vegard (20) er korona-fast i Finnmark. No må han sove i telt i ti minusgrader på ubestemt tid

– Det er jo litt kaldt, men det går fint. Vi fyrer om nettene, seier Vegard Lode, som har førstegangsteneste ved Høybuktmoen militærleir. For å forhindre koronasmitte må rekruttane i Finnmark flytte ut i telt i den bitande vinterkulda.