Vatnet fløymer over – stenger veg i Åsane

Kommunen har stengt av Gaupåsvegen, ved tunnelen under Arnavegen, på grunn av vatn i vegen.

Kommunen har stengt av Gaupåsvegen, ved tunnelen under Arnavegen, på grunn av vatn i vegen. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

På Hylkje i Åsane truar vatnet med å trenge inn i ein bustad. På Gaupås må ein veg stengast.

DEL

(BA): På Gaupås i Åsane er det no så mykje vatn i tunnelen der Gaupåsvegen går under Arnavegen at kommunen må stenge vegen, fortel vaktoperatør Kari Sørensen ved Vaktsentralen til Bergen kommune.

– Vatnet kjem frå Gaupåsvatnet. Bymiljøetaten har vore ute og sett opp skilt om stenging, seier ho til BA i 1715-tida.

Sørensen fortel om ein travel dag så langt.

– Vi har fått cirka 30 meldingar. Mange ringer om det same. Det er mykje overvatn og vatn i vegar meldingane handlar om, seier ho.

Meldingane kjem frå overalt i Bergen, ifølge Sørensen.

– Farlege situasjonar

På E39 Kalandseidet mellom Os og Nesttun er det redusert framkomst på grunn av mykje vatn i vegbana, melder Vegtrafikksentralen Vest klokka 1700 søndag.

Entreprenør er på veg, og trafikantar oppfordrast til å køyre forsiktig og avpasse farten.

BA sin fotograf på staden fortel at det er 70-sone på staden, og at han har sett fleire farlege situasjonar der.

– Dei som kjem frå Os svingar over i motsett køyrefelt for å unngå mesteparten av vatnet. Så kjem folk frå byen køyrande i 70–80 km/t, seier han.

Saka held fram under bildet.

Slik så det ut ved Kalandseidet søndag ettermiddag.

Slik så det ut ved Kalandseidet søndag ettermiddag. Foto:

Vatn heldt på å trenge inn

I 1615-tida fekk brannvesenet melding om at det var høg vasstand utanfor eit hus i Almåsgrenda på Hylkje i Åsane.

– Vi sende folk til staden for å sjå om vi kunne hjelpe til, seier vaktkommandør Morten Frantzen ved 110-sentralen til BA.

Han fortel at vatnet stod opp etter grunnmuren på huset og heldt på å renne inn.

Rundt 1730 var brannvesenet ferdige på staden og klarte å forhindre vatnet i å renne inn i huset.

– Mannskapa fekk pumpa vekk vatnet som stod på utsida av grunnmuren ved hjelp av lensepumpe. I tillegg har dei gjort tiltak ved elva som renn rett bak huset. Den fossa over breiddene, men dette er no ordna opp i, seier Frantzen.

På Skarholmen i Strusshahamn på Askøy drog Bergen brannvesen ut for å hjelpe då det kom melding om ei elv som gjekk over sine breidder.

– Vatnet kunne renne inn i eit hus. Vi sende ut folk som har lagt ut sandsekkar for å forsøke å hindre vatn i å trenge inn, seier Frantzen.

Elles har ikkje brannvesenet hatt det så travelt så langt denne klissvåte søndagen, seier han.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken