Meiningar Dette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.
Eg har lært meg språket. Kva anna hindrar meg frå å bli akseptert av andre?
Dette er spørsmålet eg oftast stiller meg sjølv. Det er det sikkert mange fleire som gjer. Vi innvandrarar har store problem med å få nye vener i eit heilt nytt land, og eg synest ikkje det er greitt i det heile tatt.
Dei fleste av oss har eit språk vi kan kommunisere med, anten det er norsk eller engelsk. Problemet vårt er at mange ikkje vil høyre på oss. Vi blir lett utestengde frå venegjengar, festar, sosiale møte, for ikkje å snakke om samarbeidsoppgåver på skulen. Kvifor kan vi ikkje bli sett på som alle andre?
Dei første åra på skulen etter at eg flytta, var det heilt greitt. Folk inkluderte meg, prøvde å snakke med meg, og dei spurde meg masse om heimlandet mitt. Då eg hadde svart på alle spørsmåla, og dei hadde fått vete alt dei ville vete om meg, begynte eg å bli kjedeleg for dei, og det førte til utestenging.
Eg har budd i Norge i sju år no, og mesteparten av dei åra har eg blitt utestengd og kalla for masse forskjellig. Eg har òg høyrt folk kommentere og snakke drit om andre innvandrarar. «Dra tilbake til landet ditt», «mål og vask huset mitt», «flytta hit for å få gratis pengar frå kommunen?».
Det der er faktisk sårande for meg og for mange andre. Dei som kommenterer, berre forstår det ikkje. Ordet «stopp» har blitt sagt så mange gonger at det er umogleg å telje.
Kvifor er det sånn? Kva har vi gjort feil? Er det noko som helst vi kan gjere for å få det betre?

Eg gruar meg til kvar helg

Kvar helg er det fest, men ikkje alle får komme: – Skikkeleg dritt følelse

Å vera nynorskbrukar er å tilhøyra ein minoritet
