Varslar flaum- og jordskredfare sør for Sognefjorden

FLAUM: Ein risikerer flaumstore elvar frå Hordaland og opp til sør for Sognefjorden onsdag ettermiddag og kveld.

FLAUM: Ein risikerer flaumstore elvar frå Hordaland og opp til sør for Sognefjorden onsdag ettermiddag og kveld. Foto:

NVE melder om fare for 50 - 80 mm nedbør i løpet av 12 timar sør for Sognefjorden.

DEL

(Firda): Varsom.no sende onsdag føremiddag ut gult farevarsel (nest lavaste farenivå) om flaum for Vestland fylke sør for Sognefjorden. Det blir samtidig sendt ut gult farevarsel for jordskred.

Frå onsdag føremiddag til seint onsdag kveld er det venta mykje nedbør i heile fylket, lokalt 50-80 mm sør for Sognefjorden i løpet av 12 timar. Nedbøren er venta å komme som regn under 1000 m oh. Ein ventar rask vassføringsauke i små og middels store elvar. Reguleringar vil i nokre tilfelle verke flaumdempande, og varselet vil difor ikke nødvendigvis gjelde i alle regulerte vassdrag, heiter det i varselet.

Liten fare nord for Sognefjorden

Nord for Sognefjorden er flaumfaren liten, seier vakthavande meteorolog ved NVE, Stein Beldring:

– Det er først og fremst nedover mot Hardangerjforden det er venta mest nedbør. Men det hender jo at nedbørsområde tek ein litt annan veg enn ein ventar, så vi har tatt med området opp til sør for Sognefjorden i varselet, seier beldring.

– Så det er ein sjanse for flaum heilt opp til Sognefjorden, men ingen garanti. Men hadde vi vore sikre på at det ikkje ville ramme Sogn, ville vi ha skrive Hordaland og ikkje tatt med heile Vestland i varselet, seier han.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken